Om oss

Raud Tid er ei uavhengig kommunistisk nettside, driven av radikale ungdommar frå forskjellege aktivistmiljø. Vårt mål er politisk makt til arbeidarklassen, slutt på all undertrykking og eit klasselaust samfunn. På vegen hit vil vi støtte alle forbetringar og kjempe mot alle forverringar i situasjonen til vanlege folk.

At Raud Tid er uavhengig, betyr at vi ikkje har formell tilknyting til noko parti eller anna organisasjon.

Vår redaksjonelle linje er revolusjonært marxistisk. Vi publiserer innlegg frå gjesteskribentar, og vil bidra til open debatt på venstresida. Derimot vil vi ikkje publisere innlegg som strir direkte med den redaksjonelle linja. Innlegg kan sendast til kontakt@raudtid.no.

Raud Tid driv podkasten Raud Lyd, som kjem ut omtrent ein gong i månaden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *