Bidra?

Bidra med ein månadleg pengesum

Skal vi halde fram med å drive Raud Tid, er vi avhengige av folk som kan bidra med penger. Uavgrensa lagringsplass på Soundcloud, kor vi publiserer Raud Lyd, koster 8,25 euro i månaden.

Vi har ambisjoner om å utvide prosjektet på sikt. Dette kan mellom anna innebere:

  • Å promotere innlegg på Facebook, for å nå ut til flere
  • Å lage veggavis om dagsaktuelle saker – dette fører med seg utgifter til papir og blekk
  • Å byggje nettside med ein meir profesjonell utsjånad
  • Å oppgradere lydutstyret som blir brukt på podkasten

Så langt har bidrag via Patreon tillatt oss å kjøpe eige nettdomene og betale for Soundcloud Pro.

Send innlegg til oss

Vi ønskjer å vere ei plattform for debatt blant marxistar og andre på den revolusjonære delen av venstresida. Innlegg kan sendast til kontaktraudtid@gmail.com. Vi vil fremme debatt med takhøgde, men publiserer ikkje innlegg som aktivt motarbeider den redaksjonelle linja.