Støtt dei gule vestane!

Sidan 17. november har dei så kalla «gule vestane» protestert i Frankrike. Hundretusenvis av vanlege franskmenn har tatt til gatene for å demonstrere mot aukande levekostnadar etter at president Macron føreslo ei ny avgift på bensin og diesel. Når avgifta kjem i tillegg til ei meir langvarig prisauke på bensin og diesel blei ho dråpa som fekk glaset til å renne over for mange. Store delar av den franske arbeidarklassen, spesielt dei som bur utanfor dei største byane, er avhengige av bil for å få kvardagen til å fungere. Det vi no ser er eit klassisk folkeleg opprør mot ein elite som ikkje har kontakt med liva til arbeidsfolk.

Demonstrasjonane i Frankrike har blitt stempla som alt frå klimaskeptiske til innvandringsfiendtlege. Det er ingen tvil om at det finst folk blant demonstrantane med klimaskeptiske eller innvandringsfiendtlege haldningar. I tillegg til desse finst det utan tvil fascistiske provokatørar. I spontane demonstrasjonar av så stor skala – 287,710 på det høgaste, ifølgje fransk innanriksdepartement – er det ikkje til å unngå. I arbeidarklassen finst det eit mangfald av meiningar og politiske haldningar; så når arbeidarklassen organiserer seg spontant og i masseomfang vil ikkje opprøret ta ei venstreform utan vidare. Den korrekte venstrelinja er ikkje å ta avstand frå opprøret for å unngå å skitne til hendene. Venstresida må erklære støtte til opprøret, delta aktivt og vise massane kva side vi står på. Mellom anna kommunistane i Parti Communiste Maoïste og partiet til Mélenchon, Le France Insoumise har valt denne linja. Berre på denne måten kan venstresida isolere det høgreradikale og fascistiske innslaget og hindre dei i å vinne breiare støtte på lengre sikt.

Vi meiner det er ein plikt for kommunistar og internasjonalistar å støtte rettferdige kampar i andre land, men til no har venstresida i Noreg nølt med å erklære støtte til demonstrantane i Frankrike. Dette kan vere fordi opprøret ikkje har nokon klar «venstre»-profil slik nokon skulle ønskt. Folk frå alle sider av det politiske landskapet deltar i demonstrasjonane, og folk som deltar har forskjellege og til og med motstridande mål. Som nemnt finst det også eit høgreradikalt og til og med fascistisk innslag i demonstrasjonane. Dette er derimot ikkje hovudsida. Hovudsida er at demonstrasjonane er eit klasseopprør mot ein elite som ikkje bryr seg om kvardagen til arbeidsfolk. Det er oppgåva til venstresida å vinne tillit og støtte hos arbeidsfolk gjennom å vise arbeidarklassestandpunktet sitt i praksis. Til dei nølande kameratane anbefaler vi å ta ein titt på den halv-offisielle plattforma til demonstrantane, som svenske Proletären har publisert. Det meste på denne lista er gode og progressive krav som den revolusjonære venstresida bør stille seg bak.

Det er på høg tid at revolusjonære og alle progressive erklærer støtte til dei gule vestane. Den akademiske venstresida har alltid nølt med å ta standpunkt når arbeidsfolk organiserer seg sjølv til kamp – men eit opprør følgjer aldri noko bokleg oppskrift. Lærdommane frå Brexit og Trump-valet er at når venstresida distanserer seg frå grasrota vil høgrekreftene utnytte dette. Ei venstreside som ikkje står med arbeidarklassen i deira kamp for gode levevilkår er ei venstreside vi ikkje har bruk for. Derfor: støtt dei gule vestane! Det er rett å gjere opprør mot reaksjonære!

Bilete: NightFlightToVenus / Flickr

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *