Spøker for regjeringas kriselov

Raud Tid har skrive om Solberg-regjeringas forslag til kriselov, som gir regjeringa vide fullmaktar til å setje i verk krisetiltak utan å vedta dei i Stortinget.

Både FrP og opposisjonen har kritisert det gjeldande forslaget, og SV-leiar Audun Lysbakken har sagt at SV ikkje kan stemme for forslaget slik det ser ut no. Det melder NRK.

No blir det diskutert å stramme inn forslaget, til dømes ved å gi det ei varigheit på ein månad. Det opphavlege forslaget ville ha gitt vide fullmaktar til regjeringa ut 2021.

Kriselova har spesielt blitt kritisert frå juridisk hald. 15 juristar har signert eit opprop mot lovforslaget.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *