Debatt: Kritikk av eit syn på aktivisme

Raud Tid ønskjer å vere ei plattform for debatt på den revolusjonære marxistiske venstresida. Innlegga vi publiserer er ikkje nødvendigvis uttrykk for vår eige redaksjonelle linje. Innlegg kan sendast til kontaktraudtid@gmail.com.

Av Vegard.

Denne teksten er meint som ein kritikk av eit syn på aktivisme som rår på delar av den radikale venstresida. Sidan eg i hovudsak har vore aktiv i Raud Ungdom, vil eg ta utgangspunkt i erfaringar herfrå – sjølvsagt utan å avsløre interne forhold i organisasjonen. Ein del av kritikken kan nok overførast til andre organisasjonar, parti og aktivistmiljø på venstresida.

Eg vil først gjere greie for eit par måtar ordet aktivisme blir brukt på. Deretter vil eg skildre kva eg meiner er det dominerande synet på aktivisme på norsk venstreside i dag, og korfor dette er mangelfullt og ikkje vil føre den revolusjonære rørsla framover til siger. Til slutt vil eg antyde korleis aktivisme, under dei rette forholda, kan vere revolusjonær.

Eg viser også til teksta «Revolusjonær reformisme», som blei skrive som debattinnlegg i forkant av Raudt sitt landsmøte i mai 2019.

Les også: “Revolusjonær reformisme?”

Kva er «aktivisme»?

Dei åra eg har vore aktiv i Raud Ungdom har det ofte blitt snakka om kva som skil oss frå «dei andre partia på venstresida». Det er vanlegvis to ting som blir trekt fram. For det første, at programkrava våre er meir radikale. For det andre, at vi ikkje berre arbeider innafor dei «vanlege» politiske kanalane, men deltar i ulike typar aktivisme. For å seie på ein annan måte: Raud Ungdom er politisk «tøffare» enn dømes Sosialistisk Ungdom og AUF. 

Det er nødvendig å anerkjenne at sjølve ordet «aktivisme» betyr ulike ting for ulike folk. Tidvis har kommunistar brukt ordet med negativt fortegn for å vise til politisk aktivitet som oppstår spontant, ikkje følgjer ein plan og gjerne har innslag av terrorisme. For desse er aktivisme – spontane uttrykk for frustrasjon mot delar av det kapitalistiske systemet – teikn på eit lågt stadium av klassebevisstheit.

For andre er ordet meir verdinøytralt, og viser til omtrent alle handlingar som prøver å drive fram politisk endring utan å gå gjennom dei etablerte kanalane. Det synet på aktivisme som dominerer på den norske radikale venstresida (i brei betydning) er at dette er ein måte å påverke på utan å sjølv sitje i maktposisjonar. 

Aktivisme kan delast inn i to breie kategoriar: direkte og indirekte aksjon. Direkte aksjon rammar den eller det du demonstrerer mot direkte, til dømes ved å påføre økonomiske kostnadar, fysisk skade, utsetje prosjektar osv. Eit døme på direkte aksjon er når aktivistar lenkar seg fast til gravemaskinar for å stanse gruvedrift. Aktivismen fører direkte til målet – at gruvedrifta blir stansa, om enn midlertidig.

Det aller meste av aktivisme fall derimot inn under den andre kategorien, indirekte aksjon. Indirekte aksjon søkjer å nå dei politiske måla gjennom omvegar, og har ofte ein propaganda-funksjon. Dette kan vere bannerdropp, klistremerkeaksjonar, folkemønstringar, tog, gateteater osv. Metodane for å drive fram endring er altså anten å endre meiningane til folk slik at dei stemmer på venstresida i nærmaste val, eller å presse makthavarane til å handle på ein bestemt måte.

Reformistisk aktivisme

Med reformisme meiner eg den retninga innafor den sosialistiske rørsla som søkjer å gjennomføre overgangen til det sosialistiske samfunnet gjennom gradvis reform (litt meir skatt, litt fleire arbeidareigde bedrifter) og utan å avskaffe den borgarlege staten. Denne retninga svarer til det som sidan 1920 har blitt kalla sosialdemokratiet. Reformistisk aktivisme er all dermed all aktivisme som støttar opp om eit reformistisk politisk prosjekt.

Det fremste dømet på reformistisk aktivisme er slike aksjonar som driv propaganda for at folk skal stemme på eit parti i val. Anten dette er graffiti, bannerdropp, gateteater osv. er aksjonen underordna valkampen. Aksjonen hjelper ikkje massane med å ta samfunnsmakta (revolusjon), men fokuserer den politiske energien deira mot borgarlege val.

Det er også mogleg å drive reformistisk aktivisme som ikkje dreiar seg om valkamp. Aksjonar som siktar på å endre folks haldningar i ei bestemt sak (og som gjerne liknar offentlege haldningskampanjar), eller å endre på ein bestemt lov, vil ofte vere reformistiske.

Meininga med denne kritikken er ikkje å skape ei kjensle av håplausheit og at det ikkje er noko poeng i å gjennomføre demonstrasjonar og aksjonar som ikkje umiddelbart fører fram til revolusjonen (dette har aldri skjedd, og er heller ikkje mogleg). Tanken er heller ikkje at vi skal ta avstand frå spontane demonstrasjonar som ikkje krev revolusjon og sosialisme. Dette hadde isolert oss fullstendig frå massane, som er sjølve drivkrafta i kampen for sosialismen. Poenget er at den langsiktige kampen for sosialistisk revolusjon må rettleie oss på alle område – både når vi deltar i masserørsler og gjennomfører «eigne aksjonar». Vi må ikkje underordne oss reformistisk politikk.

Rørsle-isme

I boka The Communist Necessity bruker J. Moufawad-Paul uttrykket “movementism” for å kritisere ein tendens til å oppvurdere viktigheita av spontane protestrørsler. Tilhengjarane av denne rørsle-ismen uttrykkjer gjerne ein abstrakt støtte til kommunismen som langsiktig mål, men tar avstand frå dei store sosialistiske revolusjonane og lærdommane herfrå.

The unfocused rebellions that are emerging globally do indeed prove the importance of communism by revealing the limits of the capitalist reality. However, we demonstrate a certain measure of fearfulness over the importance of these rebellions if our suggestions, when we bother to make them, result in tailing the masses – those masses whose rebellions are vague enough to be fantastical – and hoping they will magically bring communism into being. The Arab Spring, Occupy, the next uprising: why do we look to these examples as expressions of communism instead of looking to those movements, organized militantly under a communist ideology, that are making more coherent and revolutionary demands?

Rørsle-ismen gir gjeklang også på norsk radikal venstreside. Eg har ofte høyrd kameratar seie at “stortingsarbeid åleine kan ikkje føre oss til sosialismen/kommunismen”. Dette er sant, men kva er det andre som blir antyda? Dei same kameratane vil gjerne føreslå at vi må arbeide for sosialismen både «ovanfrå» og «nedanfrå», det vil seie på Stortinget og gjennom protestrørsler. Det betyr ikkje at partiet skal leie protestrørslene – desse skal oppstå spontant og anten få støtte frå stortingspartiet eller presse partiet til å handle på ein bestemt måte.

I det heile tatt har den radikale venstresida i det 21. hundreåret hatt stor tillit til spontane protestrørsler som G20-protestane og Occupy Wall Street. Vi kunne lagt til dei Gule Vestane og Fridays for Future-rørsla. Alle desse protestrørslene stiller rettferdige krav, og kommunistar støttar dei. Samtidig evnar dei ikkje i seg sjølv å stake ut en strategi for å avskaffe kapitalismen, den borgarlege staten og byggje opp sosialismen. Dei nye venstrepartia har i det store og det heile ført ein “vent og sjå”-strategi i møte med desse rørslene, eller prøvd å bruke dei for å vinne oppslutning. Eit parti som blir haleheng til protestrørsla, eller prøver å leie rørsla inn i ufarlege former, kan ikkje seiast å vere arbeidarklassens fortropp.

Kva er revolusjonær aktivisme?

For å svare ordentlig på dette er det nødvendig å stille spørsmålet “hva er revolusjonær strategi?”. For at ikkje artikkelen skal bli for lang og rotete, kan eg ikkje gå for langt inn på dette. Vi får nøye oss med at “en revolusjonær strategi tar sikte på å reise folkemassen til kamp om statsmakta, for å ta kapitalen fra kapitalistene og føre ressursene over i folkestyrets hender”². Den revolusjonære aktivismen tar utgangspunkt i denne strategien. Litt generelt kan vi seie at:

  • Aksjonane våre søkjer å vinne oppslutning i folkemassen for den sosialistiske revolusjonen. Dette spesielt for aksjonar vi sjølv gjennomfører, og som knyter ei dagsaktuell sak til behovet for å kjempe for sosialismen. Også når vi deltar i større protestrørsler bør vi bruke det som ei moglegheit for å snakke med folk og skape oppslutning om saka vår.
  • Revolusjonær aktivisme knyter band mellom kommunistane og massane og skaper gjensidig tillit. Om kommunistane skal leie arbeidarklassen og massane til kamp om statsmakta, må vi ha bygd opp tillit over lenger tid.
  • Revolusjonær aktivisme trener folk til å kjempe for ei samfunnsomveltning på lenger sikt. Gjennom politisk kamp lærer folk å kjenne vennar frå fiender. Folk får erfaringar med å konfrontere den borgarlege statsmakta.
  • Gjennom revolusjonær aktivisme organiserer vi folk som er uorganiserte og byggjer samhald mellom revolusjonære.

Når ein aksjon har kortsiktige mål er det mogleg å slå fast om dei er nådd eller ikkje, og dermed om aksjonen er vellykka. Derimot er det svært vanskeleg å slå fast at ein einskild aksjon speler ei revolusjonær rolle.

Altså er det ikkje det at “vi driver aktivisme og sosialdemokratene gjer ikkje” som gjer oss til revolusjonære. Det som gjer oss til revolusjonære er at alt vi ser det vi gjer her og no som førebuingar til ei større omveltning.

Konklusjon

Eg har i denne teksten kritisert eit bestemt syn på aktivisme: at det å drive aktivisme i seg sjølv er revolusjonært. Tvert imot meiner eg at aktivismen berre kan seiast å vere revolusjonær når han er underordna ein revolusjonær strategi. Eg må beklage at omgrepa aktivisme, protestrørsle osv. er brukt i brei tyding og utan veldig klare avgrensingar.

Avslutningsvis vil eg seie at denne artikkelen ikkje er meint som ei fullstendig behandling av forholdet mellom aktivisme og revolusjon. Det er mange spørsmål eg ikkje har gått inn på – både av hensyn til omfanget av teksten, og fordi eg ikkje har studert spørsmåla godt nok. Poenget er heller ikkje å påstå at aktivisme ikkje fører til sosial endring – det ville ha vore eit hån mot dei hundretusenar som kjempa fram åttetimarsdagen, abortlova, allmenn stemmerett med meir. Derimot har desse sigrane blitt vunne innanfor rammene til den borgarlege staten. Kampen for sosialismen er ein kamp mot sjølve den borgarlege staten.

Eg set pris på alle innspel til denne teksta – både frå dei som vil byggje vidare på argumentasjonen min og dei som er meir kritiske.

¹ Bøhm, Are (red.). 2002. Revolusjonær praksis: organisasjonshåndbok for Rød Ungdom. Oslo: Raud Ungdom.

² Moufawad-Paul, J. 2009. The Communist Necessity. Montreal: Kersplebedeb.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *