“Steal of the century” – intervju med Aram Zaheri

Foto: Chetanya Robinson/Flickr. Biletet er brukt som illustrasjon, og har ingenting med intervjuet å gjere.

Av Vegard.

Laurdag 8. februar blei det haldt demonstrasjon i Oslo mot den så kalla «fredsplanen» til Donald Trump og Benjamin Netanyahu, som blei offentleggjort 28. januar i år. Planen har møtt motstand frå palestinarar og palestinavennar over heile verda, mellom anna fordi han inneber anneksjon av israelske busetjingar på Vestbredden.

Demonstrasjonen tok stad utanfor Stortinget frå klokka 17. Palestinakomiteen og Fateh Norway var initiativtakarar, og 38 andre organisasjonar slutta seg til.

I forkant av demonstrasjonen intervjua vi Aram Zaheri, leiar for Palestinakomiteen i Oslo.

RT: Vil du kort fortelje kva dokker demonstrerer mot? Kva er planen for demonstrasjonen, i korte trekk?

Aram: Demonstrasjonen består i at vi protester mot det Trump og Israel kallar “Århundrets avtale”. Det er det vi kallar “Steal of the Century”. Planen er å trekkje oppmerksemd til saka. Verda kan ikkje snu seg bort og normalisere dette framfor auga våre, så det blir appellar og slagord slik at vi blir høyrd i Oslos gater og forhåpentlegvis av folka på Stortinget.

RT: Kva ønskjer dokker å oppnå med ein demonstrasjon som dette?

Aram: Vi ønskjer at regjeringa skal høyre på oss her ute. Mange av oss jobbar for BDS (Boycott, Divestments and Sanctions), inkludert Palestinakomiteen i Oslo. Vi vil at regjeringa sanksjonerer Israel for brot på internasjonal lov og det langvarige apartheidsstyret på Vestbredden og Gaza.

RT: Eg ser det er mange organisasjonar som har slutta seg til arrangementet – både skeive organisasjonar, Palestina-vennar, politiske parti og fagforeiningar. Det tyder jo på at dokker har ein god del støtte. Korfor trur du arrangementet har fått så stor oppslutning på så kort tid?

Aram: Det har fått så stor oppslutning fordi folk ser kva som skjer og det gjer det lett å bringe fram internasjonal solidaritet med dei undertrykte. Vi har store støttespelarar på grasrota i det norske samfunnet, og vi jobbar hardt for ein meir etisk utanrikspolitikk!

RT: Eg vil helst ikkje spørje om ei «løysing på Israel/Palestina-konflikten», då det gjerne impliserer at partane er likeverdige. Målet er fridom for palestinarane, som har blitt kolonisert. Kva trur du skal til for at vi ser dette i levetida vår? Finst det ei diplomatisk løysing?

Løysinga er det ikkje opp til oss her heime å bestemme korleis skal vere. Om det er tostats- eller einstatsløysing er det palestinarane sjølv som er nøydd til å avgjere, sidan det er dei som kjenner på [undertrykkinga]. Vi i Palestinakomiteen jobbar derimot med noko som gir konsekvensar for Israel, og det er BDS. Det er ein fredeleg, antirasistisk global kampanje. Slik dreiv ein kamp mot det Sør-Afrikanske apartheidssystemet – verda sanksjonerte nasjonen inntil det innfødde folket fekk rettferd, fridom og like rettar. Men spør du meg personleg, siktar eg mot ei demokratisk statsløysing – med rett til retur for alle palestinarar i nabolanda!

Vi etterspør bilete frå demonstrasjonen. Dei kan sendast til kontaktraudtid@gmail.com.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *