Statusoppdatering februar 2020

  • I desember 2019 blei det haldt eit stiftingsmøte kor Raud Tid blei oppretta som organisasjon.
  • Hausten 2019 fekk vi ny nettside, på domenet www.raudtid.no. Nettsida på wordpress.com vil ikkje lenger bli oppdatert.
  • Per 4. februar 2020 har Raud Tid 975 som liker på Facebook, 103 som følgjer på Twitter og 252 som følgjer på Instagram.
  • På stiftingsmøtet i desember 2019 blei det sett mål for 2020 om 1200 som liker på Facebook, 100 som følgjer på Twitter og 250 som følgjer på Instagram. Per 4. februar 2020 har to av desse måla blitt nådd.
  • Det har så langt blitt laga fem episodar av Raud Lyd. Frekvensen har vore omtrent ein episode om månaden. Dette planlegg vi å vidareføre i 2020.
  • Per 4. februar 2020 har Raud Tid fem faste bidragsytarar på Patreon. Inntektene herifrå har i hovudsak gått til å betale ned gjeld i samband med kjøp av Soundcloud Pro og eige nettdomene. Denne gjelda vil etter alt å melde vere nedbetalt i mars 2020. Vidare har nokre av inntektene gått til å promotere delebilete på Facebook.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *