Noreg

Demonstrasjon i Bergen mot krig med Iran

Foto: privat og David Watson.

Av ein bidragsytar for Raud Tid.

Torsdag 9. januar blei det haldt demonstrasjon i Bergen mot krig med Iran. Demonstrasjonen starta klokka 16 og tok stad på Torgallmenningen. Det direkte høvet for demonstrasjonen var drapet på Qasem Soleimani 3. januar, den første krigshandlinga i det som har potensialet til å bli ein storkrig.

Aksjonskomiteen mot krig med Iran var arrangør. Denne blei danna spontant etter Soleimani-drapet, på initiativ fra aktivistar i Bergen Raud Ungdom. Aksjonskomiteen formulerte tre krav, som danna plattforma for demonstrasjonen:

  • Ingen fleire krigshandlingar mot Iran
  • Diplomatiske samtaler mellom USA og Iran for å berge atomavtala
  • Ingen norske bidrag i ein krig med Iran

Organisasjonane som slutta seg til demonstrasjonen inkluderte mellom anna Bergen SV, Bergen Raud Ungdom, Antikrigs-Initiativet og Norsk Folkehjelp i Bergen. Ein fullstendig liste ligg ute på Facebook-arrangementet til demonstrasjonen.

Rundt 200 menneske møtte opp på Torgallmenningen, til stor glede for arrangørane. Det blei haldt tre korte appellar ved Hilde Andresen (SV), Sofie Marhaug (Raudt) og Gitte Sætre (AKI). Deretter sang demonstrantane protestvisa “Masters of War”, med tekst og melodi av Bob Dylan. Markeringa blei avslutta med fakkeltog rundt Lille Lungegårdsvatnet. Her blei det ropt slagord som “Ingen krig mot Iran!”, og “Hent heim soldatane!”.

For fredsrørsla i Bergen var dette ein stor dag med ei svært vellykka markering. Vi i Raud Tid gratulerer arrangøren og resten av fredsrørsla i Bergen med ei vellykka markering, og ønskjer lykke til vidare med arbeidet.

Avgang frå Torgallmenningen. Foto: privat.
Demonstrasjonstog på Festplassen. Foto: David Watson.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *