Antifascistisk dugnad i Bergen

Foto: privat. Andleta på biletet er sladda for å verne om tryggleiken til dei som er avbilda.

5. januar 2020 blei det gjennomført ein dugnad til inntekt for bøtelagte antifascistar i Oslo. Femten antifascistar i Bergen stilte til vareteljing på ein daglegvarebutikk i Bergen. Inntektene frå dugnaden vil uavkorta gå til Oslo mot rasisme sitt bøtefond.

Bakgrunnen for dugnaden er aksjonen 2. november i fjor, kor antifascistar i Oslo blokkerte inngangen til den fascistiske konferansen Scandza Forum. Her blei 28 aktivistar arrestert og ilagt bøter på til sammen over 300.000 kroner. Daniel Vernegg og Leif Stian Svendsen, begge tilknytta Oslo mot rasisme, har dette å seie til avisa Vårt Oslo:

Vi har vanskelig for å forstå at politiets motivasjon for brutalitet og høye bøter kan være noen annet enn å skremme personer fra å delta i demonstrasjoner. Det beste for politiet er nok om alle bare holder seg hjemme.

Antifascistar lar seg ikkje skremme. Dugnaden 5. januar er ein attest til det sterke samhaldet som finst mellom antifascistar i Noreg. Ein av aktivistane som stilte på dugnaden sa at “denne gongen var det dei i Oslo, neste gong kan det vere oss.”

Privatpersonar kan donere til Oslo mot rasisme sitt bøtefond. Inntektene går til å betale bøker og sakskostnadar. Les meir på Facebook-sida til Oslo mot rasisme.

Frå Facebook-sida til Oslo mot rasisme.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *