“Førstegangstjenesten”, norsk eksepsjonalisme og ideologi

Foto: NRK TV.

Av Vegard.

Denne månaden blei serien «Førstegangstjenesten» lansert på NRK. Serien er ein «karakterdrevet humorserie», med alle dei fire hovudrollane spelt av Herman Flesvig. Eg vil setje serien inn i ein kontekst med norsk eksepsjonalisme og behovet for å legitimere det norske forsvaret i ei tid med opprusting og spenningar mellom imperialistblokkane. Dette er ikkje meint som ein inngåande analyse, men eit utgangspunkt for diskusjon om kva rolle underhaldning og kultur har for å skape ideologisk hegemoni.

I skrivande stund har det kome to episodar av serien. Handlinga følgjer fire ungdommar som nettopp har byrja i førstegongstenesta – NRK si eige serieskildring kallar dei «[e]n krigsentusiast, en bortskjemt russ, en kvinnelig mannssjåvinist og en hvit flerkulturell rapper.» Det sentrale temaet som driv handlinga framover er at dei fire karakterane på ulike måtar kjem i konflikt med Forsvarets disiplin, kultur, verdiar eller oppgåver. To døme kan vere når krigsentusiasten Ahre-Ketil Lillehagen forsøker å ta med eit stort tal personlege våpen inn i tenesta og får dei konfiskert på veg inn, eller når den kvite rapparen Ola Halvorsen blir tvungen til å ete opp ei brødskive med brunost fordi ein ikkje skal kaste mat ein har forsynt seg med. Det er i kontrasten mellom kva karakterane gjer og kva som er forventa av dei at serieskaparane sitt syn på Forsvaret kjem fram.

Det er naudsynt å gjere kort greie for kva som er meint med eksepsjonalisme og ideologisk hegemoni. Omgrepet eksepsjonalisme blir gjerne brukt i ein US-amerikansk kontekst og viser då til ulike måtar USA og US-amerikansk kultur blir framstilt som betre enn andre land og kulturar. Den norske eksepsjonalismen er tilsvarande, og framhevar det som er spesielt bra med Noreg. «Det er typisk norsk å vere god», frå Brundtlands nyttårstale i 1992, fangar essensen i dette. Ideologi blir i vanlege samanhengar brukt om alle meir eller mindre samanhengande tankesystem.

I ein marxistisk forstand er ideologi eit tankesystem som gjenspeilar og legitimerer det beståande samfunnet – ein slags «falsk bevisstheit» som former vår måte å sjå verda på. Dette heng saman med teorien om basis og overbygning: dei økonomiske forholda i samfunnet er basis, og oppå denne grunnmuren reiser det seg ei overbygning som vernar om han. Overbygninga består av lovar, statlege institusjonar, militæret og den dominerande ideologien i samfunnet. «I hver epoke er den herskende klasses tanker de herskende tanker».

Korleis bidrar så «Førstegangstjenesten» til norsk eksepsjonalisme? Dette kjem mest tydeleg til uttrykk i ein scene i første episode. Lillehagen har forsøkt å leggje inn medbrakte våpen i depotet, og blir konfrontert av ein offiser som seier at «det forsvaret i all hovedsak dreier seg om er fredsbevarende arbeid». Deretter: «målet vårt er å slippe å skyte». Krigsentusiast Lillehagen ender opp i andre episode med å bli kasta ut av tenesta, fordi han undergrev verdiane til Forsvaret. Denne framstillinga går hand i hand med Forsvarets eigen profil utover, og den politisk og kulturelt dominerande oppfatninga om «Fredsnasjonen Noreg». Den implisitte bodskapen er at det norske Forsvaret er snillare enn militæret i andre land.

Ein kan spørje seg: korfor kjem serien ut akkurat no? Ein treng ikkje å vere konspirasjonsteoretikar for å stille dette spørsmålet. Uansett kva som er motivasjonen til serieskaparane speler serien ein ideologisk funksjon: å ufarleggjere det norske Forsvaret som fredsbevarande. Vidare hadde det ikkje vore mogleg å lage serien utan samarbeid frå Forsvaret, som har eigne interesser i å la seg framstille og låne ut rekvisittar. Det er slett ikkje uvanleg at militæret i eit land samarbeider med underhaldningsbransjen. Dette er spesielt kjent frå USA, og har gitt opphav til omgrepet «the military-entertainment complex».

Serien inngår i ein breiare kontekst. For det første blir Forsvaret tettare og tettare integrert i NATO sitt krigsmaskineri. Den norske staten kjøper inn US-amerikanske F-35-jagerfly til milliarder av kroner – ikkje fordi desse er best eigna til å forsvare norsk luftrom, men fordi dei kan brukast i operasjonar i utlandet. Desse har Noreg allereie vore med på. Eit samla Storting opna i 2011 for at Noreg kunne delta i Libya-krigen, og sidan 2001 har Noreg vore blant landa som okkuperer Afghanistan. Samtidig er dette ei tid med aukande spenningar mellom dei ulike imperialistblokkane. Noreg er situert mellom Atlanterhavsblokka på den eine sida og Russland på den andre. Av desse er den førstnemnte heilt klart den overlegne og mest aggressive. Den permanente US-amerikanske basen på Værnes er ein del av NATO sitt basenettverk i Nord- og Aust-Europa, som innringar Russland. Forsvaret, NATO og det USA-vennlege norske borgarskapet har eit behov for å legitimere aktiviteten til Forsvaret og NATO sin aktivitet, og skape ei oppfatning om at «målet [til det norske Forsvaret] er å slippe å skyte». Forsvaret er og blir ein del av staten sitt valdsapparat, som i hovudsak forsvarer det norske borgarskapet sine interesser mot indre og ytre «fiendar».

Dette innlegget er ikkje ein freistnad på å ta tak i alle sider ved serien «Førstegangstjenesten», eller gi ein detaljert kritikk av den norske eksepsjonalismen. Om dette kan vere ein inngangsport til å sjå kritisk på medieinnhaldet vi ser på og kulturen rundt, er målet mitt nådd. Eg krevjer ikkje at nokon skal slutte å sjå på «Førstegangstjenesten», men eg håpar folk vil sjå på det med eit kritisk blikk. Så vidt eg veit er det ikkje mogleg å snakke om eit «militært-underhaldnings-kompleks» i Noreg i dag, men det er nødvendig å vere varsame på framveksten av dette.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *