Noreg

Kommunistisk aksjon ved Universitetet i Bergen

Foto: privat.

Laurdag 7. desember blei det gjennomført ein kommunistisk aksjon ved Universitetet i Bergen. Ved inngangen til Universitetsaulaen blei det hengt opp eit raudt banner med teksten “We are still here” og ein hammer og sigd.

Det direkte høvet for aksjonen var Holbergdebatten 2019, kor den slovenske filosofen Slavoj Žižek blei intervjua av Tyler Cowen. Tittelen på arrangementet var “Why I am still a communist”, og den store interessen for arrangementet illustrerer at fleire og fleire i vår tid ser etter alternativ til kapitalismen.

Raud Tid har vore i kontakt med aktivistane. Dei seier at dei utførte aksjonen som sjølvstendige aktivistar, og ikkje på vegne av nokon organisasjon. Slagordet “We are still here” tyder at den kommunistiske rørsla lever enno, sjølv om ho blei erklært daud og irrelevant då Berlinmuren fall og austblokka gjekk i oppløysing.

Raud Tid oppfordrar revolusjonære til å sende oss tips om liknande aksjonar i framtida.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *