Debatt

Debatt: Det er rett å demonstrere mot rasisme

Raud Tid publiserer her eit innlegg av to antirasistar, som er eit svar på Gustav Bergers innlegg i NRK Ytring 12. oktober. Svarinnlegget har tidlegare blitt publisert i forkorta utgåve i Bergensavisen, men sidan den versjonen utelater fleire sentrale poeng, publiserer vi den uavkorta utgåva. Innlegget har igjen blitt aktuelt etter at Berger møtte i radioprogrammet “Mellom himmel og jord” sist søndag for å snakke om demonstrasjonane mot SIAN.

Av Axel Fjeld og Vegard Holtås, antirasistar.

Gustav Isrenn Berger (NRK Ytring 12.10) skriv at han har fått ein ekkel bismak i munnen av å ha vore i nærkontakt med antirasisme på ein protest mot SIAN på Festplassen i Bergen. Vi var på same hending og vil difor gjerne gjeve han nokre tips for å verte kvitt denne bismaken.

Første punkt er å skaffe seg kunnskap om rasisme som fenomen ved å sjå på forskinga på rasismefeltet. Det finst til dømes ein studie frå universitetet i Warszawa som syner at jo meir hatytringar ein tillét i samfunnet, desto meir hat vert det, av di det vert normalisert og vi vert avstumpa (Soral et al, 2017). Det er eigentleg ganske mykje forsking som viser at hatytringar har ein tilskyndande effekt på rasistisk og fascistisk vald, som til dømes studien «Fanning the flames of hate» frå Universitetet i Warwick. Denne ser på koplinga mellom ytringar frå tyske Alternative für Deutchland sine facebookinnlegg og valdsåtak mot flyktningar, og fann ein meget sterk korrelasjon.

Andre punkt er å sette seg inn i kor ille SIAN faktisk er. Dei tek jamnleg til orde for etnisk rensing, noko dei og gjorde på Festplassen den dagen. Lars Thorsen ytra for open mikrofon at dei fleste muslimar bør deporterast, utan at politiet såg ut til å reagere på det. At motdemonstrantar er høglytte og sinte er sjølvsagt ikkje like ille som å agitere for folkemord. Vi kan difor berolige Berger med at motdemonstrantene og SIAN slett ikkje var like hatefulle den dagen. SIAN var og er mykje verre. Det var ingen av motdemonstrantane der som dehumaniserte minoritetar eller gjekk til åtak på ungdom med forsvarsspray. Det gjorde derimot SIAN.

Tredje punkt, som vil følgje av første punkt, er å innsjå at ein ikkje kan sette seg ned for å «samarbeide» og «finne løysingar» med organisasjonar som dette. Om nokon vil ha folkemord, og motparten ikkje vil ha det, skal dei då møtast på midten. Er løysinga litt folkemord, kanskje? Når det er sagt, er det klart at konfronterande motdemonstrasjonar som på Festplassen den dagen har begrensa nytte utover å gjere det så vanskeleg som mogleg for dei å rekruttere. Ville ein gjennom ein slik demo få SIAN til å endre meining? Sjølvsagt ikkje, men det var heller ikkje målet – og det ville heller ikkje ha vore mogleg. Når SIAN fyrst fekk ha sin markering, så krev kampen mot normalisering av rasisme at ein gjer det vanskeleg for dei å nå folk med bodskapen sin, og ubehageleg for dei å vere der. Poenget er ikkje å overtyde dei som allereie er medlem av SIAN, men å hindre dei i å rekruttere nye.

Berger etterlyser ein markering med mindre konfrontasjon og meir preg av solidarisk folkefest. Det har folk både i Bergen og Oslo tatt initiativ til tidlegare. Slike folkefestar er generelt ein god ide, og det kunne gjerne vore ein slik markering i Bergen i år og. Det krev dog mykje tid og krefter, utan at ein alltid har så mykje igjen for det. Det vart til dømes køyrd eit slikt opplegg i fjor da SIAN var i byen, utan at det viste seg å være spesielt effektivt. Samanlikna med i fjor var årets motmarkering mykje meir effektiv når det gjaldt å hindre at SIAN fekk ut bodskapen sin, og slik sett har nok antirasistane som deltok prioritert riktig. Berger er likevel velkomen til å bli med på ein slik folkefest ved eit seinare høve.

Det Berger etterlyser er korleis ein får dei til å endre meining og slutte å dehumanisere minoritetar, noko som er eit legitimt spørsmål. I den grad det finst eit svar på det, så er det samtaleterapi med fagfolk i eit kontrollert miljø der alle involverte møter med oppriktig ærlegheit. Når SIAN møter opp på Festplassen i Bergen med eit svindyrt lydanlegg og oppfordringar til folkemord på notatblokka, så er ikkje det rette arenaen for godsnakk. Ei heller er det vårt ansvar som antirasistar å invitere oss sjølv til terapeutisk samtale med SIAN. Vi kjenner koplinga mellom SIAN, terrororganisasjonen DNM og rasistisk vald, og vil nødig utsetje oss sjølv for livsfare i byte mot ein marginal sjanse for at nokon endrar meining.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *