Demonstrasjon mot utanriksministaren og våpeneksport

Utanriksministar Ine Eriksen Søreide besøkte Universitetsaulaen ved UiB i dag for å snakke på eit ope møte. Tema var «internasjonalt samarbeid under press» i ei tid kor USA ikkje lenger er den definitive hegemonimakta i verda. Fem antiimperialistiske demonstrantar stilte opp på møtet for å vise motstand mot norsk eksport av våpen, våpendelar og anna krigsmateriell.

Under hovudinlegget til Søreide reiste demonstrantane seg i salen mens dei heldt banner og handplakatar. På banneret sto parolen «norske våpen dreper», mens plakatane hadde slagorda «fred mellom nasjoner – kamp mellom klasser» og «stans kjøpet av angrepsfly». Etter møtet nytta demonstrantane spørsmålsrunden til å setje lys på norsk våpeneksport og manglande krav om sluttbrukarerklæring når Noreg sel militært materiell til NATO-land. Ein sluttbrukarerklæring er ein garanti frå kjøparlandet om at «varane» ikkje blir selde vidare.

Vegard Holtås (19) er sitert i Studvest sin artikkel om demonstrasjonen:
– Grunnen til at vi demonstrerte er fordi vi mener det er hyklersk at Norge fremstiller seg selv som en fredsnasjon når vi selger våpen til for eksempel Tyrkia og USA, som igjen selger videre til Saudi-Arabia, som er involvert i krigen i Jemen, sier han.

Ifølgje utanriksministaren har Noreg «et av de strengeste regelverkene for eksport av militært materiell» – likevel ender våpen Noreg eksporterer til NATO-land ofte opp med å bli brukt av andre land, inkludert land som er i krig. Noreg har ikkje noko krav om sluttbrukarerklæring når det er andre NATO-land som kjøper. USA er mellom anna notorisk kjent for å selje våpen til Saudi-Arabia, som i skrivande stund fører blodig krig i Jemen. Vi veit ikkje kor mange liv som har gått tapt på grunn av norske våpen, norske våpendelar eller anna norskprodusert militært materiell.

Raud Tid støttar demonstrasjonen, og håpar at fleire vil slutte seg til liknande initiativ i framtida. Noreg skal ikkje tene pengar på at andre folk dør i krig!

Studvest – Studentavisen i Bergen har også dekt demonstrasjonen.

Foto: Ståle Olsen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *