Bolivia: Vil kuppmakarane utsetje valet?

Kuppmakarane i Bolivia slit med å oppretthalde legitimiteten sin, og prøver å utsetje presidentvalet som er planlagt i september. I eit brev til Organisasjonen av Amerikanske Statar (OAS), ber opposisjonsleiar Luis Fernando Camacho om støtte til å utsetje valet.

Dette melder den progressive avisa Kawsachun News, som har lagt ut bilete av brevet på Twitter-kontoen sin:

Camacho, som er med i det no marginale partiet Movimiento Nacionalista Revolucionario, sit ikkje i den bolivianske kuppregjeringa. Derimot blei han anerkjent som ein av leiarane av protestane mot Morales hausten 2019.

Det er enno ikkje klart om, og eventuelt korleis, OAS vil svare på førespurnaden om hjelp. Ei moglegheit er at dei anbefaler å utsetje valet. Ei anna moglegheit, om valet blir gjennomført som planlagt 6. desember, er at dei på ny erklærer valet som illegitimt og oppfordrar kuppregjeringa til å annullere resultatet. Dette er per no eit opent spørsmål.

Slik Camacho skriv i brevet sitt, var det ein rapport frå OAS som sådde tvil om resultatet av presidentvalet hausten 2019 og danna bakteppe for kuppet.

Det planlagte presidentvalet har allereie blitt utsett etter press frå kuppmakarane. Opphavleg skulle det gjennomførast i mai. Onsdag 29. april vedtok nasjonalforsamlinga (kor MAS har fleirtal) at seinaste dato for å avhalde val skulle vere 3. august. Kupp-president Jeanine Añez avviste denne avgjerda, og hevda at det på grunn av smittefare ikkje ville vere mogleg å gjennomføre valet før september.

Les også: “Kupp og reaksjon i Bolivia”

I den seinare tida har Añez-regjeringa antyda at det kan bli nødvendig å utsetje datoen for valet nok ein gong. Dette har blitt møtt med demonstrasjonar (TeleSUR), med krav om at 6. september blir sett som definitiv dato for valet.

Ein kan leggje merke til at Añez-regjeringa argumenterer med at det ikkje vil vere smittemessig forsvarleg å gjennomføre presidentvalet i september, på grunn av koronaviruset. I Luis Camacho sitt brev til OAS, er koronapandemien knapt nemnt i det heile tatt. Han argumenterer i staden med at valet kan bli ein “gjenoppstandelse” for MAS, partiet til Evo Morales. Den bolivianske høgresida støttar val så lenge dei sjølv vinn.

Planane om å utsetje valet kjem i kjølvatnet av ei meiningsmåling frå CELAG (Latinamerikansk Strategisk Senter for Geopolitikk), kor 41,9% av respondentane svarte at dei ville stemt på Luis Arce, kandidaten til Rørsla for Sosialisme (MAS) (TeleSUR). Arce var finansminister i regjeringa til Morales. Kupp-president Añez fekk på si side 13% i meiningsmålinga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *