Trondheim: Skeive aktivistar varslar demonstrasjon

Raud Tid har fått tilsendt denne pressemeldinga av ei gruppe skeive aktivistar i Trondheim, som har tatt initiativ til markering av Stonewall-opprøret 28. juni.
— Redaktør


Vi er ei gruppe aktivistar i Trondheim som vil vise at Pride er meir enn parade. I dag kan Pride verke for mange som ei tannlaus feiring, heller enn det det var: eit opprør mot politivald og systemisk diskriminering.

51 år har gått sidan Stonewall-opprøret i juni/juli 1969.

“28. juni 1969, en merkedag for alle som bryr seg om rettighetene til skeive. Dagen da politiets brutalitet i USA ble møtt med ikke-passiv motstand. Sentralt i opprøret var en rekke afroamerikanske aktivister, blant dem drag-artisten Marsha P. Johnson (1945-1992).”

Den 28. juni kl. 14:00, byrjar vi markeringa på Torget i Trondheim. Etter markeringa blir det felles marsj frå Torget til Lademoen, hvor det vil bli uformelt program utover kvelden. Vi planlegg fleire arrangement dei komande dagane. Markeringa rettar seg både utover og inn i det skeive miljøet, og vil ha brodd mot transfobi, rasisme og rosavasking (PR-strategi kor selskap og statlege aktørar, gjerne valdsapparatet, nyttar “skeiv” estetikk for å framstå som progressive. —Red.).

Vi har gått inn for å vera prinsipielt partiuavhengige og ukommersielle. Vi vil unngå den fella som mange markeringar har gått i, der politiet, militæret, bankar og andre firma tar opp meir plass enn skeive organisasjonar gjer. Vi vil ikkje at opprøret skal bli ein reklamekampanje for DNB og Kondomeriet.

Vi vil jobbe for ei radikal og systemkritisk linje innafor det skeive aktivistmiljøet. Undertrykking er ikkje isolerte hendingar, men går føre seg i eit system. Kvinnekamp, skeiv kamp, antirasistisk kamp og klassekamp går hand i hand. Vi vil løfte fram heile biletet og ikkje berre fokusere på einskilde lovar.

Ein av dei store truslane for skeive i dag er den framveksande fascismen. Fascistane er ein fysisk fare for skeive, kvinner, melaninrike, funksjonsnedsette og heile arbeidarklassen. Vi kan sitere Utøya-overlevande Eivind Rindal: Det er for sent å innse at du også burde være antifascist den dagen du står foran geværmunningen.

Fleire av oss som har tatt initiativ til markeringa, har erfaring frå anna aktivisme og organisajonsverksemd. På kort tid har vi fått gjort mykje godt arbeid med mobilisering og propaganda i forkant av markeringa. Vi håpar det kjem mange på markeringa, og understrekjer at ein ikkje treng å vere erfaren aktivist for å møte opp. Alle kan gjera noko for å feire mangfaldet og utfordre fordommane rundt oss. Oppfordringa vår er: Kom deg ut på gata! Heis regnbogeflagget og andre relevante flagg! Kampen held fram!

Du kan finne meir informasjon på Facebook-sida Stonewall-markering i Trondheim.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *