Denne veka i arbeidarhistoria: Torgslaget i Drammen

Av Magnus Bernhardsen.

24. juni 1881 gjekk soldatar til åtak på streikande arbeidarar på Bragernes Torg, og skaut ein tenåringsgut og stakk i hel to vaksne arbeidarar.

17. juni gjekk arbeidarane ved Hotvedt Dampsag til streik. Dei tente betre enn ved dei andre sagene i distriktet, og det meinte disponenten var for gale. Arbeidarane kravde lønsauke på 2 til 3 øyre per tømmertylft, i staden for lønskutt. Dei fekk etter kvart med seg arbeidarane på dei fleste andre sagene i byen. På denne tida var det korkje noko sterk fagleg eller politisk organisering blant arbeidarane, det heile var nokså spontant.

På Nøsted bruk truga eigaren dei streikande med ein revolver, og politiet vart innblanda.

Politimeistaren i Drammen, Thomas Gamborg, var nokså positivt innstilt til krava til arbeidarane, og prøvde å mekla. Konflikten heldt likevel fram, og etter at to av dei mest aktive streikande vart arrestert samla folk seg ved politistasjonen. Politiet torde ikkje anna enn å sleppa dei laus igjen.

Sankthansaften var det mykje folk ute i byen, og det vart ei stor gruppe som gjekk til husa til brukseigarar og knuste ruter og braut opp portar.

Dagen etter var 124 soldatar frå Kristiania kome til Drammen. Dei skulle roa stemninga i byen, men verknaden var motsett, og tusenar av arbeidarar samla seg på Bragernes torg for å frigjera to nye arresterte streikande. Det vart kamp mot soldatane, og folk trudde dei ikkje kom til å skyta ettersom kongen var i utlandet og ikkje kunne gje ordre om å opna eld.

Slaget på torget pågjekk i tre timar. Kvinner og born henta stein i forklede og luer til dei kjempande. Ingen tok notis av at opprørslova vart lesen opp tre gonger. Då kunne soldatane etter lova opna eld. Då soldatane skaut vart den 15 år gamle Martinius Tømmeraas råka av ei rikosjetterande kule og døydde. To andre arbeidarar døydde etter skader frå bajonettar.

Folkemengda oppløyste seg, rundt 50 arbeidarar vart arresterte og streiken fall saman. Med militær makt vart streiken knust, og borgarskapen gledde seg. Drammens Tidende var nøgd med innsatsen: «Hadde man haft flere soldater, kunde man faldt opprørerne i ryggen og arresteret flere hundre, kanskje ogsaa spart de skarpe skudd, dog som sagt: Vi beklager ikke at de faldt. De vil for lang fremtid virke avskrekkende på alle ligesinnede». 

Kong Oscar II var også nøgd:

All radikalism söker sitt stöd hos den lett upprörda massan, och för derför ständigt arbetarnas väl på tungan. Men sina egna fördelar mycket ofta stridande emot arbetsklassens välfböstådda intresse, bär den i hjärtat! Under de sista åren hava därför, som lätt kan förstås, här och där arbetareoroligheter förekommit, vilka, å sin sida, åter alldeles naturligt härflöto av de ogynnsamma tidarna för handel och näringar. Man behandlade dessa oroligheter så länge man kunde med mildhet och överseende, men åntligen måste den väpnade styrkan inskrida med all makt, och vid de första skotten som lossades på Drammens gator slocknade upploppets låga ögonblickligt. Truppen (2dra brigadens garnisonsavdeling) visade härvid disciplin och trohet mot sitt befal.
(Strømme 1979, s. 139)

Per Sivle skreiv ti år seinare boka Streik – en arbeiderroman. Det er rekna som den fyrste arbeidarromanen i Noreg, og har vore gjeve ut på nytt mange gonger. I samtida vart ho rekna som håplaust gamaldags av smaksdommarane, men boka vart lese og elska i arbeidarrørsla. Romanen er bygt på opplevingane Sivle hadde av sagbruksstreiken og torgslaget.

Kjelder:

https://www.dagsavisen.no/fremtiden/lokalt/torvslaget-1881-fra-dag-til-dag-1.295531

Hans og Amagda Johansen: Der far og mor har strevet Oslo 1960

Ottar Strømme: I tilfelle opprør (Våpen mot folket 1) Oslo 1979

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *