Denne veka i arbeidarhistoria – 8.-14. juni

Av Magnus Bernhardsen.


8. juni 1931 – Menstad-slaget

Under lockouten ved Norsk Hydro i 1931 vart arbeidet utført av «kontraktsarbeidarar» medan arbeidarane var utestengde frå arbeidet. Heile våren hadde organiserte arbeidarar konfrontert streikebrytarane. 8. juni marsjerte 2000 arbeidarar til Menstad lasteplass, der dei vart møtt av 100 politifolk. Arbeidarane klarte å jaga bort politiet, og tre politifolk vart alvorleg såra. Forsvarsminister Vidkun Quisling sende eit gardekompani og fire marinefartøy mot arbeidarane.

At militæret vart sett inn mot arbeidarane, og at arbeidarane dreiv statspolitiet på flukt, gjorde at denne hendinga fekk stor merksemd den gongen, og framleis er hugsa.

Motstanden lokalt mot statspoliti og militæret var stor, og dei fekk problem med å få innkvartering, servering, transport og andre varar og tenester.

Rettssakene etter hendingane pågjekk i lang tid, og mange titals arbeidarleiarar fekk fengselsstraffar.

I songen Røde Ungdom, på melodien Roter Wedding, viser ein til hendingane på Menstad:

Marsj, marsj, marsj, marsj!
Herr Quisling bekjenner kulør
Marsj, marsj, marsj, marsj!
Spion og provokatør!
Vi vet hva den herskende klasse vil by,
vi så det på Menstad, vi ser det på ny,
det som skjedde skal aldri bli glemt.
Når lønnsslaven kjemper for frihet og brød,
en quisling vil svare med kuler og død
fra et kongelig norsk regiment.

Klassekampen prenta i 1969 ei oppsummering frå «Den revolusjonære fag-opposisjonen av 1929». Det er ein interessant tekst, dessverre er trykkekvaliteten litt dårleg.

NKP ga i 1956 ut eit hefte om si rolle i Menstad-slaget, Menstadslaget : et 25-årsjubileum : en “avsløring” av hemmeligheten ved det kommunistiske partis styrke.

Per Ole Johansen kom i 1977 med boka Menstad-konflikten 1931.

Lars Borgersrud skriv (under dekknamnet Ottar Strømme) om korleis militæret vart organisert og nytta mot folket i serien Våpen mot folket 1-3, der bok 2 tek for seg tida rundt Menstad-slaget.

 

8.-9. juni 1924 – Arbeidernes Idrettsforbund stifta

Foto: Wilhelm Råger, Oslo Museum

Arbeidernes Idretts-opposisjon hadde bede inn til landskonferanse i Oslo, der dei vedtok å skipa eit landsdekkjande idrettsforbund og melda seg inn i RSI, den Raude Sportsinternasjonalen. Ein del arbeidarpartifolk nekta å vera med i RSI, men det vart likevel ikkje eit reint kommunistisk forbund. Sosialdemokratane vann makta i forbundet i 1929, og i 1931 melde AIF seg ut av RSI. Dei melde seg heller ikkje inn i nokon nytt internasjonalt arbeidarsportforbund.

Ved stiftinga hadde AIF 5686 medlemer i 85 lag. DE arrangerte vinterspartakiaden i Oslo i 1928, med deltakarar frå seks land. AIF vart lagt ned i 1946 og gjekk da inn i Norsk Idrettsforbund.

Petter Larsen har skrive om forbundet i Med AIF-stjerna på brystet : glimt fra norsk arbeideridrett

Oktober forlag ga ut heftene Idrett og klassekamp (1972) og Arbeiderklassen og idretten (1977) som delvis tek for seg AIF.

Andre viktige datoar

  1. juni 1913 – Ålmenn røysterett for (dei fleste) kvinner
  2. juni 1919 – Lov om åttetimarsdagen
  3. juni 1975 – Abortlova

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *