Bokmelding: I Want to Believe: Posadism, UFOs and Apocalypse Communism

Av Magnus Bernhardsen.


Leftist Trainspotters var ei e-postliste som eksisterte frå 2001 til 2019, men som forsvann i dragsuget då Yahoo! kutta ut heile e-postgruppe-tenesta si. Mange hundre folk frå heile verda og frå alle delar av venstresida diskuterte alt mogleg, men med utgangspunktet at ein var togkikkarar – opptekne av detaljar og anekdotar, ikkje dei store linene og viktige kampane.

Dette gjorde at folk som ellers flaug i halsen på kvarandre kunne snakka om smått og stort, og der polemikken vart meir eller mindre dyktig gøymt, heller enn basunert ut. Tron Øgrim, som var ideologisk leiande i den norske ml-rørsla, vart tidleg medlem, og i eitt av dei fyrste innlegga sine i 2001 skreiv han:

Since some of you are REAL Rare Stamp Collectors: Have any of you information about the french “astro-communists” of the 30s?

This is allergedly true: They were a groupuscule (I dont think the word existed …) who combined astrology and communism … and were described in the first novel of the norwegian writer Odd Eidem, Uten Fane (Without Banner) in 1939. The novel describes a group of (real) Mot Dag young communists, just after the group was dissolved, and is very historically accurate (lots of real persons in real discussions under aliases and so on.) One of the main characters visits Paris and discusses with some AstroCommunist … who claim that there will be no world war until 1948, as that is “written in the stars”. Eidem later claimed that this whole scene was literally true … Any of you out there ever heard about an “Astro Communist” group or party?

(And any of you heard of any even more crazy left group?)

(I personally read the magazine of the trotskyist Posadas where he wrote about revolution coming with flying saucer people from space, that is MY record! And then, Wilhelm Reich was in Norway and did some VERY zany things … I still know of one old communist who sits in his orgone box!)

Det var vel ikkje mange som hadde høyrt om ei meir «crazy» gruppe, og Posadas-grupperinga dukka stadig opp i ordskifta. I 2003 vart gruppa også omtalt i Fortean Times (FT). FT har namn etter Charles Hoy Fort (1874-1932), som samla på historier om merkelege fenomen, slik som regn av froskar og geiter med to hovud. FT skreiv om «store kattar» på engelske heier og om folk som meinte dei var kidnappa av romvesen. Og så skreiv praktikanten Matthew Salusbury artikkelen Trots in Space. Her vart Posadist-rørsla presentert som ein UFO-kult, og var nok det som gjorde posadistane kjent utanom trotskistveteranar og folk som nørda om venstresida.

Dei siste åra har Posadas kome tilbake som mem, og plutseleg omtalar folk seg som posadist på den måten der ein ikkje kan vera heilt sikker på om det er ein spøk eller ikkje. Dette er bakgrunnen for at A. M. Gittlitz ville skriva om Posadas.

«J. Posadas» var pseudonymet til Homero Rómulo Cristalli Frasnelli (1912-1981), ein italienskætta argentinsk kommunist. Han var ein arbeidarson som vaks opp i stor fattigdom, og som vart skomakar. Han organiserte ei fagforeining for skomakarar og lærarbeidarar i Cordoba, og vart aktiv i ulike sosialistparti. Mest kjend var han nok som profesjonell  fotballspelar på Estudiantes. Etter andre verdskrig vart han leiar for det latinamerikanske byrået til den 4. internasjonalen.

Den 4. internasjonalen var Trotskijs forsøk på å skapa eit nytt verdsparti med grunnlag i programmet hans, og medan han levde samla det seg ei rekkje parti og grupper under den paraplyen. Etter at Trotskij vart drepen på ordre frå Stalin i 1940 byrja den 4. internasjonalen å knaka i samanføyingane.

I Latin-Amerika sto både sosialdemokratar og kommunistar ganske svakt samanlikna med Europa og Asia, og det var eit stort rom for dei trotskistiske gruppene. Dei vart ikkje alltid så store, men fekk likevel stor påverknadskraft. I kampen om kva retning den 4. internasjonalen skulle ta utvikla det seg to hovudliner, ein «europeisk-amerikansk» med partia i Europa og USA, og ein «latinamerikansk». I 1962 braut partia i det latinamerikanske byrået med det internasjonale sekretariatet, og Posadas vart leiar for ein eigen 4. internasjonale.

Det er ei lang og interessant historie om desse kløyvingane, og ein får mykje kjøt på beina i boka, men det fører for langt å gå gjennom det her. Posadistane fekk etter kvart noko oppslutnad i europeiske land også, og etter eit raid i Uruguay dreiv dei ein kampanje for å få asyl i eit anna land. Posadas og resten av leiinga i internasjonalen ende opp i Italia.

Med flyttinga til Italia gjekk utviklinga av organisasjonen meir og meir mot ein kult. Verksemda til Posadas var å tala inn på ein opptaksmaskin over natta, og så få det transkribert og sendt rundt til dei ulike seksjonane i løpet av dagen etter. Elles vart arbeidet i internasjonalen prega av at alle prøvde å blidgjera Posadas, og unngå å falla i unåde og verta ekskludert. Organisasjonen vart mindre og mindre, og meir og meir styrt av familien til Posadas. I dag er det nokre små restar igjen rundt om i verda.

Så langt kunne dette vore nok ei forteljing om ein leiarkult på venstresida som vart mindre og mindre relevant år for år. Slike har det vore mange av, i beste fell har ei berre fisla ut i inkje, i verste fall har dei ført til reine tragediar (Jim Jones, Balakrishnan, United Red Army). Kva er det då som gjer at vi hugsar Posadas i dag? Det er eigentleg det Gittlitz skriv om i boka. Eg vil lista opp nokre av dei tinga som gjer Posadistane minneverde:

Cuba

Det var ein posadist med på Granma då Castro segla til Cuba for å starta revolusjonen. Posadistar var med i den væpna kampen der, og sto for ei venstreekstrem line der dei var mot å gje nokre konsesjonar til USA (dei ville gå til væpna åtak på Guantanamo-basen), argumenterte for eit sovjetisk åtak med atomvåpen på USA og så vidare. Fidel Castro tok offentleg fråstand frå dei, dei vart arresterte og Che Guevara måtte trå til og få dei ut av fengsel – mot at dei la ned partiet sitt.

Atomvåpen

Posadistane, og deira tradisjon i den 4. internasjonalen, meinte at ein ny verdskrig mellom USA og Sovjetunionen snart ville koma, og at den ville verta ført med atomvåpen. Dei meinte også at det i den postapokalyptiske verda etterpå ville vera dei som vart det leiande partiet, og som ville byggja verdssosialismen på dei radioaktive ruinane av den gamle verda.

Delfinar

Mot slutten av livet fekk Posadas ei sterk interesse for fødslar i vatn, og i å nytta delfinar som fødselshjelparar. Dette var basert på nokre rapportar frå Sovjetunionen.

UFOar

Det folk verkeleg har høyrt om posadistane er at dei var opptekne av UFOar. Dei fleste som let seg fascinera av det vert nok litt skuffa når ein ser kor lite viktig dette var for posadistane. I praksis var det mest slik at dei skreiv at om det kjem romvesen til jorda må dei vera frå ein sivilisasjon som er høgt utvikla, og i så fall er dei frå ein kommunistisk sivilisasjon. Dei hadde framsida «Velkommen, kameratar frå verdsrommet» på ei avis, og dette vart sjølvsagt noko folk snakka om. Men om ein les artikkelen til Posadas om emnet er den ganske tilbakehalden, og seier at ja, dei som eventuelt kjem til jorda er nok frå eit kommunistisk samfunn, men vi må fyrst og fremst arbeida her og no.

Delar av posadistrørsla har rett nok utvikla seg til reine UFO-entusiastar, men det er snakk om nokre få enkeltpersonar.

Alt i alt, biletet av posadistane i memar og anekdotar er meir spanande enn det dei eigentleg var.

Kunststykket til Gittlitz er likevel ha klart å skriva ei verkeleg medrivande bok. Den viktigaste bodskapen er ei åtvaring om kor lett det er å gå frå eit ærleg forsøk på tena arbeidarklassen og verdas folk til ein kult som har som einaste mål å halda liv i seg sjølv.

Boka kan kjøpast på Pluto Press si nettside.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *