Vinkar farvel til transrettar

Av Lumi Gardsdotter.

Alvorleg tilbakeslag for transrettar i Ungarn

Rettene til transfolk blir hardt truga i Ungarn. Med hjelp av strammare definisjon av kjønn har Orbán-regjeringa bortdefinert kjønnsmangfaldet. Den politiske retninga som regjeringa deira har tatt, kjem til å ha store konsekvensar for interkjønna og transkjønna folk i landet. 

Det som skjer i Ungarn er ikkje eit unikt tilfelle, men følgjer eit mønster vi ser rundt om i verda. Akkurat som at dei har stoppa moglegheita for å endre juridisk kjønn i Ungarn, så har for eksempel Storbritannia gjort det vanskelegare for unge transfolk å få behandling. 

Samtidig får konservative i USA gjennomslag for lover som set grenser for kor transfolk har tilgang i det offentlege. Til dømes noko så grunnleggjande som å gå på toalettet, har North Carolina prøvd å gjera kriminelt for transfolk. Liknande lover om kjønn spreier seg særleg i sørstatane. Desse endringane får også konsekvensar for interkjønna folk, som allereie er ei sårbar gruppe.

Les meir her.

Fiendebiletet

Mens det øvre samfunnet har skapt eit fiendebilde av transfolk, viser fleire studiar at transfolk i stor grad opplever fysisk, seksuell og verbal trakassering og vald. Det er altså ei gruppe som har blitt systematiske offer, noko vi ser ved at mange statar kjem med lovforslag om kjønn som direkte inneber diskriminering og medisinsk mishandling av interkjønna folk og nekting av behandling for transfolk. Dette er grunn til uro.

Studie om medisinske handlingar gjort utan samtykke mot interkjønna folk.

Les også: Kapitalismen er ikkje bra nok for skeive

Å definere folk bort

Politikarane i Ungarn sitt val om å stramme inn kjønnsdefinisjonar, er eit direkte åtak mot transfolk, som kjem til å få breie konsekvensar. Ved å ha smale definisjonar som definerer folk ut frå arbitrære kjønnstrekk, gjer dei det umogleg for transfolk å få den juridiske valideringa og tryggleiken dei treng. Dette vil minske vernet til transfolk, særleg innanfor helsesystemet, og vil føre til auka negative haldningar mot transfolk og meir ignorans. 

Samtidig vil slike arbitrære standardar på kroppen, føre til mindre vern av den personlege autonomien og integriteten til interkjønna barn. Dette er problem veldig få land tar opp. Malta er eit av dei få landa som har forbud mot unødvendige medisinske inngrep på interkjønna kroppar. Noreg, på si side, ligg svakt på dette området. Å stramme inn definisjonar, er som å kaste bensin på bålet. 

Opent brev til Viktor Orbán.

Det er veldig vanleg å bruke språk som ein del av undertrykking. Det er grunnen for at skjellsord mot minoritetar er så vanleg og korfor hatefull retorikk har blitt eit så viktig tema for minoritetar. Det har også vore slik at fordommar går over til vitskapen, gjerne for å bortforklare mangfaldet eller for å seie at noko er gale med visse folkegrupper. Eit eksempel på dette er korleis medisinske autoritetar i mange tiår bortforklarte homofile som ein sjukdom.

Undertrykking via lovar

Det finst mange døme på at lovar, retningslinjer og definisjonar blir brukt for å skade minoritetar. Trenden med å innføre lovar som direkte skadar transfolk er eit eksempel på statar si mishandling av minoritetar i notida. 

I Ungarn bruker dei no definisjonar som kjem til å byggje vidare på denne mishandlinga, mens dei i land som USA har lovverk som set grenser for kor transfolk kan gå. Eit argument dei gjerne bruker, er bygd på dei same mytane som har blitt brukt mot homofile. At det går mot familieverdiar, at det strid med natur/biologi, eller at vi må verne barna frå seksuelle overgrep frå “skumle menn”. 

Negative haldningar veks fram, og den ungarske regjeringa sine handlingar er eit godt eksempel på at ting går i feil retning. Mens transkjønna og interkjønna folk opplever diskriminering og mishandling frå helsesystemet, driv politikarar rundt om i verda og gjer ting verre med lovendringar som går hardt ut mot dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *