På denne dagen: 2. juni

Av Magnus Bernhardsen.

1970: Streik i Sauda

Saudastreiken var ein arbeidskamp ved Electric Furnace Products Company Ltd. I Sauda. Han varte frå 2. juni til 3. juli 1970. Arbeidarane var misnøgde med lønssystemet, og dei ynskte eit kronetillegg per time i staden for ei bonusordning. Norsk kjemisk industriarbeidarforbund meinte streiken var ulovleg, og drive av politiske ekstremistar. Dei påla dei streikande å gå tilbake til arbeidet. Formannen i streikekomiteen var marxist-leninisten Kjell Pettersen, som i 1973 var ein av dei tre som presenterte det nye partiet AKP (ml) på pressekonferanse.

3. juli var ein samde om korleis forhandlingane skulle føregå, og streiken var over. Resultatet var at ein fekk ein garantert minstebonus per time. Dei streikande sa klart frå at dei ikkje ville godta ein dom mot seg i arbeidsretten, og dimed vart det heller ikkje reist sak der – sjølv om dei streikande heilt sikkert ville tapa.

Det var eit omfattande streikestøttearbeid, og nesten 500 000 kroner (4,3 millionar i dagens kroneverdi) vart samla inn til streiken.

Tor Obrestad skreiv romanen Sauda! Streik! (1972) om streiken. Romanen vart filmatisert som Sauda-streiken 1970 – Streik! i 1975. Filmen kan ein sjå her.

Vidare lesning:

https://web.archive.org/web/20080213222107/http://lotus.uib.no/norgeslexi/paxlex/alfabetet/s/s05.html

http://akp.no/ml-historie/pdf/klassekampen/1970/kk_1970_06.pdf

http://akp.no/ml-historie/pdf/klassekampen/1970/kk_1970_07_08.pdf

http://akp.no/hefter/himmelske-fred.html#a113

http://akp.no/ml-historie/pdf/klassekampen/smatrykk/sauda.PDF

http://www.pdf-arkivet.no/streik/stott_sauda.PDF

http://www.pdf-arkivet.no/streik/sauda_mote_180670.PDF

1903: Mehamn-opprøret

På slutten av 1800-talet vart det bygd opp kvalfangstindustri i Finnmark. Dei lokale fiskarane meinte kvalfangsten øydela fisket, og 2. juni 1903 gjekk mange hundre fiskarar til åtak på kvalfangststasjonen til Svend Foyn i Mehamn. Dei reiv heile fabrikken, og militære styrkar vart kalt ut for å stoppa dei. Det var liknande planar andre stader i Finnmark, og soldatar vart sett ut som vaktar fleire stader. Fabrikken vart aldri bygd opp att, og i desember freda Stortinget kvalen i Finnmark.

Bilete teke under opprøret.
Massemøte i Berlevåg til støtte for Mehamn-opprøret.

1967: Benno Ohnesorg drepen

Den 2. juni 1967 var det ein stor demonstrasjon mot sjahen av Iran i Berlin. Mohammad Reza Pahlavi var på statsbesøk i Vest-Tyskland, og skulle på Tryllefløyta av Mozart i Deutsche Oper. Sjah-tilhengjarar og iranske etteretningsagentar starta slagsmål med demonstrantane, og tysk politi greip hardhendt inn mot demonstrantane. 26 år gamle Benno Ohnesorg var på sin fyrste demonstrasjon, og vart skoten av politimannen Karl-Heinz Kurras. Kurras vart sidan frikjent for drapet i ei rettssak. I 2009 kom det fram at Kurras hadde vore medlem av det austtyske regjeringspartiet SED, og hadde samarbeidd med Stasi. Ei ny gransking vart opna, og ein kom fram til at skotet ikkje var i sjølvforsvar. Politiet hadde dekt over saka, og obduksjonsrapporten var forfalska. Saka vart likevel ikkje teke opp att.

Drapet førte til ein valdsam auke i venstrerørsla i Vest-Tyskland. I 1972 tok bygeriljagruppa Bewegung 2. Juni (2. juni-rørsla) namn etter dagen Ohnesorg vart skoten.

Den norske musikkgruppa Ohnesorg har teke namn etter Benno Ohnesorg.

https://en.wikipedia.org/wiki/Death_of_Benno_Ohnesorg

Gratulerer med dagen til Cornel West og Mads Gilbert!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *