Demonstrerte framfor USAs ambassade

Måndag 25. mai blei George Floyd, ein uvæpna afroamerikansk mann, myrda av politiet i Minneapolis. Dette har utløyst ei bølgje av demonstrasjonar og opptøyar i fleire US-amerikanske byar.

Også i fleire norske byar blir det for tida organisert solidaritetsmarkeringar til minne om George Floyd og i protest mot politivald.

Måndag 1. juni blei ei slik markering arrangert i Oslo, etter privat initiativ. I overkant av 50 demonstrantar møttest frå klokka 12 framfor USA sin ambassade. Nokre demonstrantar hadde med seg skilt, med slagord som “Black lives matter” og “No justice, no peace”.

Også i Trondheim er det planlagt solidaritetsmarkering, på initiativ frå Trondheim Raud Ungdom. På Facebook-arrangementet oppfordrar dei folk til å møte opp på Torget frå klokka 17. Arrangørane har sagt at dei vil stille opp med handdesinfeksjon, og oppfordrar deltakarar til å bruke maske av smittehygieniske grunnar.

Fredag 5. juni er det planlagt ny demonstrasjon framfor ambassaden i Oslo, etter initiativ frå Arise og African Student Association ved Universitetet i Oslo. Det er dessutan meldt demonstrasjon på Festplassen i Bergen same dag klokka 14.

Vi oppfordrar folk til å finne ein demonstrasjon nær seg.

Frå demonstrasjon i Oslo, 1. juni. Foto: privat.
Frå demonstrasjon i Oslo 1. juni. Foto: privat.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *