Fengsel i USA yngleplass for korona

Illustrasjon: Frå eit Fengsel i California. Foto: California Department of Corrections.

USA er landet med flest fengselsinnsette per innbyggar i verda, og blant landa som har blitt hardast ramma av Covid-19-pandemien. Tettbudde amerikanske fengsel, som i utgangspunktet har dårlege sanitære forhold, har blitt ein yngleplass for det nye viruset og set dei innsette i livsfare. Under normale omstende har USA 2.3 millionar innsette, med afroamerikanske menn kraftig overrepresentert.

I slutten av april kunne The New York Times melde at 8 av dei 10 største utbrota i USA var i amerikanske fengsel.

Det varierer frå stat til stat og fengsel til fengsel korleis dei ulike fengelsadministrasjonane har handtert pandemien. Handdesinfeksjon er i utgangspunktet forbode i fengsel på grunn av alkoholinnhaldet, men nokre få fengsel har byrja å lause opp på denne regelen. I nokre fengsel har dei innført universell testing, mens andre plassar blir berre insette med luftvegssymptomar testa.

Per 10. mai har 35.400 innsette i US-amerikanske fengsel blitt testa positivt for viruset, ifølgje New York Times. På grunn av avgrensa tilgang på testar, og ulik praksis for kven som blir testa, er nok det reelle talet på smitta langt høgare.

Marion CI (Correctional Institution, dvs. fengsel) i Florida er blant fengsla som har innført nær-allmenn testing. Her har 88% av dei innsette testa positivt for viruset. I Cook County Jail, Illinois er talet 40% (Prison Policy Institute).

Mellom 66% og 97% av dei som blei testa (i fengslar med allmenn testing) var asymptomatiske — det vil seie at dei ikkje hadde nokon ytre teikn på sjukdom. Dette tyder på at i dei fengsla som ikkje har allmenn testing, vil dei asymptomatiske bidra til å spreie viruset enda raskare.

Som eit førebyggjande tiltak har enkelte fengsel redusert talet på innsette drastisk. Så kalla “decarceration”, eller “avfengsling”, har fram til pandemiutbrotet berre vore eit krav frå aktivistar som kjempar for innsette-rettar. Avfengling har først og fremst funne stad i korttidsfengsla på kommune- og fylkesnivå (jail), mens dei statlege og føderale fengsla (prison) har lauslatt svært få. Dette varierer også frå stat til stat.

Figur frå Prison Policy Initiative. Prosentvis lauslating varierer frå stat til stat, og er størst i lokale fengslar.

Den amerikanske borgarrettsorganisasjonen American Civil Liberties Union (ACLU) er involvert i fleire juridiske oppgjer i samband med pandemien. Mellom anna har dei saksøkt eit privat fengsel i Arizona, kor det var kritisk mangel på sanitært utstyr som hand- og overflatedesinfeksjon.

Sjølv i dei fengsla kor det blir sett i verk smitteverntiltak, blir det ikkje gjort på ein måte som respekterer menneskerettane til dei innsette. I tre føderale fengsel i California har innsette blitt nekta kommunikasjon gjennom e-mail og telefon. Ifølgje administrasjonen er dette for å hindre spreiing av viruset ved at fleire deler telefon og tastatur.

Dei innsette er dermed henvist til å kommunisere med omverda gjennom fysisk brevveksling. Familiemedlemmar til innsette har reagert, og ein pårørande har kalla kommunikasjonsforbodet ein «gag order» (teieplikt).

I årevis har amerikanske aktivistar for rettane til innsette arbeidd for det dei kallar «prison abolition», altså avskaffing av heile fengselssystemet i si noverande form. Ein kjent forkjempar for avskaffingssaka er Angela Davis, ein veteran frå syttiåras Black Power-rørsle.

No har ein del lokale fengsel innsett at den einaste måten å hindre at fengsla blir til likhus, er å redusere den akutte trengselen ved å lauslate innsette. Delstatlege og føderale fengsel har i litan grad følgt etter.

Det kan se ut til at rørslene for avfengsling og fengselsreform kan få ny giv som følgje av pandemien. Men kampen for å avskaffe det fengsels-industrielle komplekset er nok ikkje gjort i ei handvending.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *