Kapitalismen er ikkje bra nok for skeive.

Raud Tid er ei plattform for debatt på den revolusjonære marxistiske venstresida. Innlegga vi publiserer er ikkje nødvendigvis uttrykk for vår eige redaksjonelle linje. Innlegg kan sendast til kontakt@raudtid.no.


Av Lumi Gardsdotter

For å prate om frigjering, så må vi ta opp det som står i vegen for sann fridom. Det er samfunnet vi lever i, dess kapitalisme, som tener på ulikskap i tilgang til ressursar og kapital. Frigjering frå dette skal vi ha, altså å gjera folk fri frå sosiale normer, lover og reglar som går ut over skeive.

Ein kan kalle det vi treng for ein kulturrevolusjon. For den reelle endringa skeive treng, er meir enn berre likskap og enkeltlover. Vi treng noko akutt som er effektivt. Vi burde fokusere på at skeive blir fri frå undertrykking, men samtidig er det viktig å påpeike at alle saman tener på at vi har eit samfunn der det er meir rom til å uttrykke seksualitet og kjønnsuttrykk.

For eksempel, tener alle på at samfunnet sine syn på kjønn har meir rom. Vi har den stramme ideen om lyseblått for menn og rosa for kvinner, mens i realiteten vil vi jo alle gå med kva farge vi vil. Eit samfunn der vi aksepterer at andre bryt med slike normer, gir til og med ciskjønna heterofile menn rom til å uttrykke seg. Viss ein mann vil gå med neglelakk, rosa, ja til og med skjørt så skal han ha lov til det.

Frigjering gjennom lover?

Ei greie som er typisk i dag, er at vi fokuserer for mykje på lover innanfor systemet, der lovene tar veldig lang tid å komme fram til. Vi ender opp med å ikkje ta ansvar for normer og kulturelle haldningar, men heller ventar på kva sentrums-regjeringane skal gi oss. Dette er det meste av partipolitikken skyldig i. Når ein jobbar med lovverk i eit borgerlig samfunn, jobbar ein innanfor borgarskapet sine premiss. Det tar ofte tiår å komme fram til det vi treng av lover. Ting tar alltid tid, for det kan ikkje utfordre kristenkonservative idealar for mykje. 

Kristen-konservatisme har vore den største makta mot skeive i vesten, dei siste århundra. Dette er det premisset vi byggjar på, for det er slik at det også er ganske mange andre makter som står i mot skeive. I nyare tid har dette blitt kapitalismen og nyliberalistisk tenkning. Eg vil seie at nyliberalismen har stått i vegen for framsteg. 

Når ein kristen person seier noko fordomsfullt, avfeier ein det som dumt. Med nyliberalistar og dei borgarlege, er det ei anna historie. Dei tar seg tid og folk ignorerer ofte fordomsfulle ting dei seier, fordi dei seier det på høfleg måte. Når nokon lover i alle år å gjera noko, utan å gjera noko (Høgre, Bent Høie osv). Det blir vanskeleg å kritisere nokon om dei ikkje verkar ignorante og fordomsfulle.

Kva skal ein gjera då? Dei vil “hjelpe” transfolk, men dei har ikkje gjort særleg mykje i praksis. Rikshospitalet har hatt lite endring i struktur dei siste 20 åra. Vi ser også mangelen av endring, ved kor lite respekt folk har med pronomena til transfolk, eller mot skeive foreldre og forhold mellom folk av same kjønn. Du ser framleis det at folk trur at foresatt 1 og 2 er mor og far, kjæresten din blir lett kalla for “vennen din” og det store kroppspresset som transfolk er utsatt for.

Les også: Trondheim RU mot hets og transfobi

Fordommar og normene blir.

Alle møter på skeive i kvardagen, og hatar nødvendigvis ikkje skeive. Folk er framleis ikkje førebua til å møte på skeive. Når nokon ser deg, vil dei plassere deg som mann eller kvinne, og ut frå det vil dei oftast anta at “menn” er tiltrekte kvinner eksklusivt, og motsette gjeld då “kvinner”. Nokon vil anta at om du er saman med menn, som ein mann, kan du ikkje vera tiltrekt kvinner. Sjølv om ein ikkje nødvendigvis hatar bifile, vil folk ofte anta at nokon er homofil framfor bifil (Bifile føler seg usynliggjort). Dette viser mangel på god nok endring i haldningar. Folk tar ikkje skeivheit på alvor, og har ikkje normalisert det å vera skeiv. Istaden for hatet, blir det ofte avfeiing av skeive og skeive retter, og vi har hetero som normalen.  Det å jobbe mot cishetero-normene, gjeld i hovudsak skeive (Holdninger til lhbtiq-personer).

Folk vil fort sjå på transkvinner som menn, sjølv om dei ville akseptert nokon viss dei fann ut at hen er trans. Viss ein tar dette lengre, vil dei då tenke at du er tiltrukke menn eksklusivt, og at kvar ein kjæraste er typen din (i dei tilfella dei ikkje blir heilt forvirra over kva heterofil + trans tilsvarer). Folk har ikkje separert kroppsbildet frå identitet enno, som har mange konsekvensar. Denne cisnorma og kroppspresset som transfolk blir utsette for, går sterkt ut over deira sjølvbilde og mentalhelse.

Men kva er det foretrukke synet av transfolk? Vel, du lyttar på kva folk har å seie. Det er lurt å bruke det rette namnet og dei rette pronomena. Er du usikker, så spør, med beste tone. Med legning er det jo det same, du må ta utgangspunkt i aksept. Viss ein person seier hen er kvinne eller mann, går du ut i frå akkurat dét ved korleis du omtalar nokon.

Den systematiske løysninga til det problemet at folk ikkje skjønar seg på transfolk, er nok det å gjera informasjonen meir tilgjengeleg. Vi må ha meir enn ei side i seksualundervisninga om kjønnsidentitet. Vi burde au ha fleire tiltak sånn slik som Rosa Kompetanse, som lærer både vaksne og barn om kjønn- og seksualitetmangfaldet. Vi må ha meir informerte uttalingar i det offentlege.

Framgangen med lover er treig, men heldigvis går ting fremover (Kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk inn i straffeloven). Vi har ikkje reell endring utanom dette. Den endringa, meiner eg berre kan komme frå avvikling av kapitalismen som heilskap. Vi treng systemendring, både økonomisk og sosialt. Det faktumet at mange skeive er i fattigdom, er eit godt eksempel på korleis cisheteronorm og kapitalisme henger i hop.  

Mange skeive personar, særleg dei som er trans, har opplevd veldig mykje diskriminering på arbeidsplassen. Dette har ført til at mange transfolk må fare på NAV, må ty til alternative inntektskjelder eller ender i utrygg busituasjon. Mange som fell utanfor norma, fell utanfor systemet heilt (Svært høy arbeidsledighet blant transpersoner). Alt dette er ofte resultat av mobbing, seksuell vald, mishandling i heimen og diskriminering i helsevesenet (Derfor er vi livredde for å snakke).

Vi treng systemendring, vi treng stor distanse frå kristenkonservativ tenkning, vi treng avvikling av patriarkatet og vi treng å bli ivaretatt av resten av samfunnet. Vi må ha eit sosialistisk samfunn som jobbar for denne rettferda, mot skaden som kapitalismen har gjort. For å kunne ha ei sann frigjering av skeive, frå cisheteronorma og patriarkatet, må vi derfor ikkje berre sjå på å avvikle kristenkonservativt lovverk, men også på avvikling av kapitalismen. Diskrimineringsvern og ekteskap speler lite rolle, om vi lever i fattigdom under kapitalismen.


Vil du svare på dette innlegget, eller har du noko anna på hjartet? Send oss innlegg på kontakt@raudtid.no.

2 Comments on “Kapitalismen er ikkje bra nok for skeive.”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *