Klimapause, men vent med håpet

Covid-19-pandemien og den tilknytte økonomiske krisa har vidstrekte konsekvensar. Klimaforskarar spår at den økonomiske nedgangen kan føre til dei største utsleppskutta nokosinne. Ein bør likevel vere forsiktig med å få opp håpet.

Les også: “Korona kutter kapitalismens gardiner”

Nettstaden Climate Brief, som oppsummerer forsking på klimaendringar og karbonutslepp, reknar med ein reduksjon på 2000 megatonn CO2 samanlikna med 2019. Dette tilsvarer ein reduksjon på 5,5 prosent, og vil vere den største årlege utsleppsreduksjonen nokosinne. Samtidig understrekar dei at utrekninga er usikker, og baserer seg på forventingar.

Regjeringane i dei fleste land har innført lockdown i ei eller anna form. Dette medfører lågare industriell produksjon, mindre biltrafikk, færre internasjonale flyreiser og eit lågare stømforbruk – dermed også lågare CO2-utslepp. Reduserte utslepp betyr rett nok ikkje at konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren, ein indikator på global oppvarming, blir mindre. Tvert om kjem CO2-konsentrasjonen til å auke i år, og vil først stabilisere seg når dei årlege utsleppa når netto null:

This updated tentative estimate is equivalent to around 5.5% of the global total in 2019. As a result, the coronavirus crisis could trigger the largest ever annual fall in CO2 emissions in 2020, more than during any previous economic crisis or period of war.

Even this would not come close to bringing the 1.5C global temperature limit within reach. Global emissions would need to fall by some 7.6% every year this decade – nearly 2,800MtCO2 in 2020 – in order to limit warming to less than 1.5C above pre-industrial temperatures.

To put it another way, atmospheric carbon levels are expected to increase again this year, even if CO2 emissions cuts are greater still. Rising CO2 concentrations – and related global warming – will only stabilise once annual emissions reach net-zero.

Situasjonen er ikkje så ulik finanskrisa i 2008-09, men i større omfang. Då fekk USA sine CO2-utslepp sin største nedgang sidan 1990. Årsaka var at forbruket og produksjonen av ikkje-fornybar brensel sank på grunn av lågare økonomisk aktivitet. Dette skulle vise seg å vere ein kortvarig trend, og utsleppa auka igjen frå og med 2013. Frå 2017 til 2018 gjekk utsleppa opp med 3,1 prosent.

Også denne gongen ser det ut til at situasjonen med redusterte utslepp blir kortvarig. Den kapitalistiske verdsøkonomien slik han ser ut i dag, er avhengig av olje og andre ikkje-fornybare energikjelder. Politikarar og kapitalistar ser no først og fremst etter å kome tilbake til “business as usual”, det vil seie at den kapitalistiske økonomien går tilbake til å fungere som normalt. Dette gjeld ikkje minst i Noreg.

Illustrasjon frå International Energy Agency. Det totale energiforbruket har auka sidan sist finanskrise. Fornybare energikjelder er dei små gule og mørkegrønne felta. Henta frå nettsida til IEA.

Som eit økonomisk stimulerande tiltak for å “få i gong hjula” i økonomien, har Stortinget vedtatt å fjerne CO2-avgifta for 2020 i ikkje-kvotepliktig sektor. Denne avgifta finansierer mellom anna forsking på nullutslepps-skipsfart og offshore havvind. Une Bastholm, leiar i MDG, seier at

Det er prinsippet her som er veldig skadelig, for du sier at avgiftene på miljø er blant de avgiftene man skal fjerne for å hjelpe industrien. Dette er i realiteten avgifter som skal bidra til en omstilling, sier Bastholm.

Men prinsippet stadfestar konflikten mellom to motstridande mål: økonomisk vekst på den eine sida, og lågare utslepp på den andre sida.

Les også: “Korleis skaper vi eit berekraftig samfunn?”

Ifølgje UNEP sin Emission Gap Report, må utsleppsreduksjonen vere på 7,6% kvart år fram til 2030. Dei 5,5% prosentane som kan bli konsekvens av pandemien og krisa, strekk altså ikkje til – sjølv om dei hadde blitt vidareført ut tiåret. Skal vi nå målet om å avgrense temperaturauka sidan 1990 til 1.5 grader, er vi nøydd til å gjere massive endringar i måten produksjonen er organisert på, og må bort frå ein økonomisk modell som er avhengig av vekst.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *