Bokmelding: Liberating Sápmi

Av Vegard.

Gabriel Kuhns Liberating Sápmi kom ut 1. mars på PM press. Eg fekk vite om boka av ein kamerat, og visste med ein gong at eg måtte kjøpe ho. Så vidt eg veit, er ikkje så ofte det blir skrive bøker om Sápmi frå ein antikolonialistisk og revolusjonær ståstad, og i alle fall ikkje på engelsk.

Forfattaren er ein østerriksk anarkist som har budd mange år i Sverige. Eg har ikkje lese nokon av dei andre bøkene hans, men dei inkluderer emne som piratar, straightedge-pønk, idrett og antifascisme. Kuhn er ikkje sjølv same, men besøkte ulike delar av Sápmi undervegs i skriveprosessen. Det vil seie dei norske, svenske og finske sidene av Sápmi – den russiske sida var utilgjengeleg av politiske og språkmessige grunnar.

Kuhn seier i innleiinga at hans fremste assosiasjon til urfolk, var eit romantisert bilete av innfødde amerikanarar. Han spekulerer også i at svenskar veit meir om urfolket i Nord-Amerika enn på Nordkalotten. Dette er eit dystert bilete, men eg blir ikkje overraska om det er sant.

Boka er delt i to. Ho startar med ein kort politisk historie av Sápmi, frå rundt 1600 fram til i dag. Fokuset er altså på koloniseringa av Sápmi og ulike former for motstand. Spesielt 1970-åra blir skildra som eit vendepunkt for den samiske nasjonen, kor ei ny samisk sjølvhevding oppstår. Protestane mot Alta-Guovdageaidnu-vassdraget, som blei oppfatta som ei krenking av samisk sjølvråderett over land og vatn, var ei nøkkelhending i så måte.

Undervegs i boka tenkte eg at nokre av opplysningane i del ein burde ha vore skolepensum – korfor, til dømes, har eg aldri lært at den samiske nasjonaldagen markerer det første tverrstatlege samelandsmøtet, avhaldt i 1917 etter initiativ frå Elsa Laula? Dette burde jo vere heilt elementær kunnskap. Berre fire år etter at norske kvinner fekk stemmerett, tok Laula på seg oppgåva å samle representantar frå norsk og svensk side av Sápmi, i ein freistnad på å samle den samiske nasjonen og kjempe fram kulturelle rettar. Blei dette for mykje for det kolonialistiske skolesystemet?

Andre del av boka, den største delen, er intervju med folk som på ulike måtar har kjempa for samisk sjølvråderett og kulturell sjølvhevdning. Både kunstnarar, politikarar, akademikarar og aktivistar. Nokre kjente namn er Niilas Somby, Mari Boine, Harald Gaski og Suvi West.

Alle desse har interessante historier å fortelje. Likevel saknar eg ein slags raud tråd. Det kjem fram at intervjuobjekta har ulike syn på kva dekolonisering av Sápmi vil seie. Suvi West, til dømes, ser langt på veg ut til å meine at dekolonisering er eit spørsmål om endra haldningar. Å dekolonisere hovuda våre, så og seie. Andre, mellom anna Stefan Mikalsson, peiker på at samiske institusjonar har for lite makt. Ueinigheiter mellom intervjuobjekta om kva dekolonisering vil seie, kunne danna grunnlag for interessant drøfting og diskusjon. Boka hadde uten tvil blitt lenger, men kanskje det hadde vore ein god ting?

Alt i alt er Liberating Sápmi ei interessant bok, som eg vil anbefale til alle. Likevel meiner eg at ho ikkje lever heilt opp til forventningane eg hadde. Eg sit ikkje igjen med noko klart bilete av kva det vil seie å dekolonisere Sápmi – eller “liberating Sápmi”, slik det står i tittelen. Derimot er boka vore eit vakkert og spennande innblikk i korleis ulike samer, på sine eigne vis, har kjempa mot nordisk kolonialisme. Og det stemmer jo trass alt godt med undertittelen “Indigenous resistance in Europe’s far north”.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *