Vi søkjer frivillige

Nettavisa Raud Tid og podcasten Raud Lyd er laga på dugnad. Skal vi lage meir og betre innhald enn vi gjer i dag, treng vi fleire med på laget.

Verva er ulønna. Alle inntekter som Raud Tid får gjennom Patreon, går til drift av nettsida og podkasten.

Den redaksjonelle linja til Raud Tid er revolusjonært marxistisk. Vi søkjer derfor folk med standpunkt på den radikale venstresida.

 

Verv som nyheitsskribent

Vi treng skribentar som kan skrive 2-3 nyheitssaker i veka om norsk og internasjonal politikk, fagleg kamp, progressive rørsler i utlandet, LHBTQ-saker og andre saker av interesse for lesarane våre.

Du kan vere anonym når du skriv.

Du treng ikkje å ha tidlegare erfaring med journalistikk, men bør vere grundig, følgje med på internasjonale nyheiter og vere kyndig i skriftleg norsk. Målform er valfri.

Du bør kunne skrive nøkternt og sakleg.

 

Redigeringshjelp til podcast

Vi ser etter ein som kan hjelpe oss med å redigere podkasten Raud Lyd. Du må beherske lydredigeringsprogram, til dømes Audacity (gratis).

 

Interessert?

Om du er interessert i ein av desse stillingane, ta kontakt med oss via mail eller kontaktskjema på denne sida. Spesifiser kva du ønskjer å bidra med. Om vi liker søknaden din, tar vi kontakt for å bli betre kjent og du vil få fleire detaljar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *