Israel: Koalisjonsregjering planlegg anneksjon

Det palestinske folket lever enno under blokade og okkupasjon, midt i den mest alvorlege pandemien sidan spanskesjuken. No ser det ut til at Israel vil utnytte pandemien til å utvide okkupasjonen på Vestbreidda.

Dei rivaliserande partia til Benjamin Netanyahu og Benny Gantz blei sist måndag einige om å danne koalisjonsregjering (Al-Jazeera). Trass i dei politiske usemjene dei imellom, er dei samde om eit felles mål: å annektere dei delane av Vestbreidda kor det er israelske busetjingar.

USAs utanriksministar sa sist onsdag at spørsmålet om anneksjon er opp til Israel, og at USA vil kome med sine synspunkt på saka i private samtaler med den israelske regjeringa (Haaretz). Om ikkje aktiv støtte, er dette ein blankofullmakt til anneksjon av store delar av Vestbreidda.

Det er ikkje lenge sidan Donald Trump lanserte det han kalla “The deal of the century”. Dette var ein “fredsplan” som hadde blitt utarbeidd i samtaler mellom den US-amerikanske og israelske regjeringa. Også denne “fredsplanen” la opp til at Israel fekk annektere delar av Vestbredden, trass i protestar frå det palestinske samfunnet.

Les også: ““Steal of the century” – intervju med Aram Zaheri”

Mahmoud Abbas, palestinsk president, har sagt at om Israel annekterer busetjingane på Vestbreidda, vil dei palestinske sjølvstyresmaktene (PA) trekkje seg frå alle diplomatiske avtaler med Israel og USA (Reuters).

Vi er altså no vitne til at Israel einsidig torpederer ein fredsprosess som har gått føre seg over fleire tiår, og saboterer moglegheita for ei tostatsløysing.

Men Israel er ikkje i stand til å øydeleggje den palestinske frigjeringskampen. Palestinarane har levd med okkupasjon, etnisk reinsing og diskriminering i over sytti år utan å gi opp håpet.

Dei israelske busetjingane på Vestbreidda er i strid med internasjonal lov. Artikkel 47 i den fjerde Genéve-konvensjonen forbyr okkupasjonsmakter å busetje dei sivile innbyggarane sine på okkupert område.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *