«Call in sick» — klassekamp hos Amazon

Foto: Maryland GovPics/Flickr.

Sist tysdag gjekk meir enn 350 tilsette ved Amazon sine varehus i USA ut i streik, i protest mot dårlege smitteverntiltak og mangel på sjukebetaling.

Streiken, som går under namnet «call in sick», er organisert av arbeidarrettgruppene United For Respect, New York Communities for Change og Make The Road New York (TeleSUR).

Kravet til dei streikande er at varehus kor det er påvist smitte blir stengt, og at alle arbeidarane får to veker med sjukebetaling.

Amazon har 110 varehus over heile USA, og ved meir enn halvparten av desse er det påvist tilfelle av COVID-19. I alt har minst 75 tilsette ved 50 varehus i USA fått påvist sjukdommen, men på grunn av den låge tilgangen på tester i heile landet, er dette talet usikkert.

I eit intervju med CNN 24. mars sa Jay Carney, talsperson for Amazon, at selskapet ikkje visste kor mange som var smitta. Vidare sa han at når ein tilsett ved eit varehus får påvist smitte, blir varehuset reinska, kollegaer blir informert og sikkerheitstiltak blir innført.

Tilsette har derimot sagt at dei ikkje får sjukebetaling med mindre dei har blitt testa positivt for COVID-19 (noko som er vanskeleg, på grunn av testmangel), at varehusa slett ikkje blir reinska når ein tilsett har blitt sjuk, og at det er umogleg å halde to meter avstand til medarbeidarar (Newsweek).

Amazon slår hardt ned på tilsette som streikar eller kritiserer arbeidsforholda ved varehusa. I alt har fire tilsette fått sparken for dette dei siste vekene (Arbejderen).

30. mars blei Chris Smalls sparka for å organisere ein streik mot dei utrygge arbeidsforholda. I etterkant skreiv han eit opent brev til Jeff Bezos, kor han krev at Amazon vernar arbeidarane frå viruset. Her kan ein mellom anna lese at:

Mangelen på vernetiltak bekymra meg. Det er hanskar i varehuset, men dei er ikkje av den rette typen. Dei er laga av gummi i staden for lateks. Det er heller inga masker. Handdesinfeksjon er sjeldant.

[. . .]

Eit anna problem er at Amazon har innført pliktig overtid for å halde tritt med etterspurnaden til alle som bestiller på nettet. Resultatet er at tilsette går på jobb sjuke som hundar, berre så dei kan tene to dollar meir per time i tillegg til den vanlege lønna si. Veit du kva eg kallar det? Blodpengar.

Eit par veker etterpå blei enda tre tilsette oppsagt. Grunnen var at dei hadde kome med kritikk mot Amazon si handtering av epidemien, og planla eit digitalt møte med medarbeidarar for å diskutere arbeidsforholda ved lagrane.

Det er ikkje mangel på pengar som gjer at Amazon ikkje innfører nødvendige smitteverntiltak. Den siste månaden har Amazon-aksjane auka, då folk bestiller fleire varer på nettet mens dei er i heimekarantene (CNBC). I kjent stil risikerer Amazon helsa til arbeidarane for å sikre profitt til investorane.

Dei streikande ved Amazon møter krisa med klassekamp. Dei finn seg ikkje i at kapitalen kallar dei «samfunnsnødvendige arbeidarar», men får dei til å jobbe under utrygge arbeidsforhold utan nødvendige smitteverntiltak. Ved å streike, og dermed risikere å miste jobbane sine, viser dei sant heltemot. Dette bør vere ein inspirasjon for arbeidsfolk overalt under pandemien og krisa.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *