Basebygging — intervju med Kate Griffiths

Vi har intervjua Kate Griffiths om Marxist Center (MC) og ideen om basebygging. Teksta kan lesast i samanheng med artikkelen “Basebygging: revolusjonær strategi over dammen”, tidlegare publisert på Raud Tid. Griffiths er medredaktør i det marxistiske tidsskriftet Spectre, medlem av Red Bloom Communist Collective (RBCC) i New York City, og deltok som delegat på Marxist Center-konferansen i 2018. RBCC er ein av medlemsorganisasjonane i MC.

Vi har omsett intervjuet til nynorsk av omsyn til norske lesarar.

Av redaksjonen.


Du har deltatt i nettverket Marxist Center. For dei som ikkje er kjende med det, kan du seie litt om nettverket og konferansen som blei halden i 2018?

Ja, på konferansen trefte vi dusinvis av grupper frå ulike plassar i USA, alle til venstre for den sosialistiske rørsla sitt fokus på valkamp. I staden fokuserer vi på å organisere arbeidarar på arbeidsplassane og grasrota, med eller utan fagforeiningar; å organisere leigetakar; og samvirke. Vi brukte møtet til å kome fram til eit minimum av politisk einigheit, og føreslo at vi jobbar saman dei neste åra om meir samkøyring og samarbeid om politisk utvikling. Det var spesielt spennande å sjå at vi hadde interesserte grupper på plassar kor resten av den sosialistiske rørsla ikkje når fram — i vest, i sør og utanfor dei store byane, sjølvsagt i tillegg til dei plassane med ei historisk sterk venstreside og arbeidarrørsle. Ein kan også merke seg at folkemengda på konferansen i svært høg grad bestod av unge, folk med arbeidarklassebakgrunn og skeive.

Vi antar at “basebygging” er eit ukjent omgrep for dei norske lesarane våre, sett bort frå dei som har følgt med på debattane på US-amerikansk venstreside. Kan du i korte trekk forklare strategien “basebygging”?

Det finst mange perspektiv på dette både i og utanfor Marxist Center — det finst dessutan ein “basebyggingstendens” i DSA (Democratic Socialists of America). For min del kan eg seie at oppfatninga om basebygging har ein viktig kjerne, men i praksis kan vere ganske vag, og til ein viss grad også apolitisk av natur.

Generelt når folk snakkar om basebygging, meiner dei å byggje noko med og blant arbeidarklassen “for det lange løp”, heller enn å berre gripe inn i eksisterande debattar eller institusjonar; og heller enn agitasjon, protest og sjølvforsvar. Samtidig treng ikkje basebygging å vere fiendtleg innstilt til desse andre typane aktivitet. For MC konkret, betyr det eit program for å byggje leigetakar-foreiningar, organisere arbeidsfolk på golvet, og noko sjeldnare også arbeidar- og forbrukarkollektiv.

Eg synest idéen [om basebygging] er mest nyttig som eit uttrykk for viktigheita av å organisere seg utanfor og forbi valsyklusen, og utanfor ideelle organisasjonar som, sjølv om dei formelt sett er politisk nøytrale, i stor grad fungerer som base for partimaskineriet til Demokratane. Eg skulle gjerne sett basebygginga utvikle seg, gjennom erfaringane til MC-grupper og andre, til ein meir spesifikk strategi for å reformere eksisterande fagforeiningar i retning av grasrotstyre; byggje nye arbeidsplass-organisasjonar; byggje nettverk på tvers av bransjar og i heile industriar; og organisere leigetakarforeiningar på bygningsnivå, bynivå, delstatsnivå og forbi. Alt dette kombinert med arbeidarstyrte alternativ til tvangsprega og nyliberale statlige og ideelle tenestar.

Eg trur den beste og raskaste måten å byggje denne modellen og desse institusjonane saman, er dei konfrontasjonane med utleigarar, byregjeringar og sjefar som skjer stadig oftare no. “Sosialstreik”-taktikkar og spontane program for gjensidig hjelp, som oppstår i augneblinkar med kamp, kan vere eit utgangspunkt for å byggje lengre samband mellom arbeid og nabolag, og mellom produksjon og reproduksjons-felta. Eg trur dette har stort potensiale for å byggje konkrete solidaritets-forhold både på tvers av nasjonale grenser, men også på tvers av dei skiljelinjene i klassen vår som vi finn både nasjonalt og internasjonalt.

Den kommunistiske kunstnaren Boots Riley taler på Marxist Center Conference i 2018.  Same året debuterte han som regissør med filmen Sorry to Bother You. Foto: Philly Socialists.

Kva er forholdet mellom basebygging og “vanleg aktivisme”, eller det dokker kallar “aktivistisk nettverksbyggjing”?

Kanskje eg snakkar for meg sjølv no, men eg trur vi treng begge delar. På den eine sida er målet for basebygging å byggje arbeidarstyrte institusjonar og maktkjelder som i framtida kan vere grunnlag for ein sosialistisk og uavhengig arbeidarpolitikk. På den andre sida er det også viktig med “nettverksbygging” og omgruppering på venstresida, spesielt den revolusjonære venstresida. Eg trur at “aktivistisk nettverksbygging” blir farleg når det blir ei kraft som orienterer arbeidarorganiseringa over til det Demokratiske Partiet eller andre borgarlege institusjonar, eller når det blir ei erstatning for å organisere folk i det heile tatt, som er hovudoppgåva.

Kva er sambandet mellom basebygging og “dobbelmakt”? Er termen “dobbelmakt”, slik det blir forstått av basebyggar-organisasjonar, annleis frå ei leninistisk oppfatning av dobbelmakt?

Eg trur at det finst to hovudmåtar å forstå “dobbelmakt” på, både i MC og historisk på venstresida. På den eine sida ein “opprørsk” visjon, på den andre sida ein “førespeglande” visjon. Eg baserer meg her på tankane til partneren min Madeline Rolka, som har teoretisert mykje over dette i det siste, og det eg håpar kjem til å bli eit viktig sett av debattar i Marxist Center.

Madeline oppsummerer den tradisjonelle opprørsmodellen bra: “Ei maktkrise utviklar seg mellom den eksisterande borgarlege staten og ei utanforstånde arbeidarmakt. Dette resulterer i eit opprør som styrtar den borgarlege staten, som blir erstatta av nye institusjonar for arbeidarstyre”.

Men systemet vårt er så framandgjort at eg ikkje trur vi kan stole på at dei eksisterande (overlevande) arbeidarinstitusjonane kan spele denne rolla, sjølv om eg trur vi er i ferd med å gå inn ei kriseperiode som inneber alvorlege trugsmål mot legitimiteten til borgarstyret. Vi treng enno å byggje dei nødvendige organisasjonane. Dette er poenget med basebygging for meg.

På den andre sida av debatten har vi dei førespeglande modellane for dobbelmakt (som står sterkt i MC), som ser føre seg at vi ganske enkelt kan unngå staten, i staden for å utfordre han når vi byggjer organisasjonar, og dermed byggje den nye verda i skallet til den gamle. Eg forstår denne impulsen, og eg støttar å jobbe på denne måten i den grad vi kan, men eg trur det er naivt å tru at vi kan kome særleg langt utan å ende opp med ein slags konfrontasjon (med den borgarlege staten).

Basebygging ser ut til å vere fokusert på å byggje alternativ til den kapitalistiske måten å gjere ting på, og forbetre liva til folk her og no. Men som revolusjonære sosialistar vil vi jo ikkje berre byggje eit parallellsamfunn, vi vil avskaffe kapitalismen og borgarstaten. Har “basebyggar-trenden” ein teori og strategi for å ta samfunnsmakta, og halde på denne?

Eg trur vi jobbar med saka, gjennom praktisk arbeid. Akkurat no trur eg pandemien har gitt mange moglegheiter for at tanken om arbeidarstyre blir “sunn fornuft” hos fleire og fleire arbeidsfolk. Kven skal avgjere kva som er “samfunnsnødvendig” arbeid? Kven skal avgjere kor dei nødvendige goda ender opp, og korleis dei kjem dit? Skal sjefar og politikarar bestemme, eller arbeidarar på sjukehusa, varelagera, åkrane og matbutikkane? Eg trur dette er spørsmål som vil bli meir og meir praksisk relevante i basebyggings-prosessen, og som legg grunnlaget for ein strategi for å utfordre makta, gripe makt og halde fast ved ho.

Den norske venstresida ser ut til å sitje fast i den doble hengjemyra av valkamp og “vanleg” aktivisme. Situasjonen vår er jo sjølvsagt forskjelleg frå der borte i USA. Over dammen har dokker dusinvis av konkurrerande revolusjonære organisasjonar. Her er dei fleste revolusjonært innstilte folka aktive i partiet Raudt, som i aukande grad fokuserer på valkamp. Har du nokon oppfordringar for revolusjonære i Noreg?

Den første anbefalinga mi er vel å ikkje skjønnmale situasjonen på venstresida i USA. Eg er ikkje så sikker på at vi har dusinvis av organisasjonar. Men uansett om vi har det, så har det store fleirtalet på den US-amerikanske venstresida blitt forvirra av Sanders-kampanjen sitt mislykka forsøk på å byggje opp venstresida og organisere arbeidarklassen på ein betydningsfull måte. Eg trur at nokre av dei som har blitt skuffa, vil byrje å jobbe med meir djuptgåande former for organisering, og hjelpe med å byggje revolusjonære organisasjonar, men akkurat no er vi berre på starten av denne prosessen, sjølv om situasjonen (i samfunnet) er ganske dårleg.

Eg vil råde alle som prøver å byggje ein revolusjonær organisasjon og rørsle for dette århundret til å først og fremst involvere seg i å byggje arbeidar- og leigetakar-organisasjonar, engasjere seg i direkte aksjon mot rasisme, sexisme og spesielt til forsvar for migrantar. Så må ein sjå kva praktiske problem dette viser oss. Med utgangspunkt i dette, i tillegg til studiesirklar, må vi byggje eit nytt lag av utdanna, erfarne militante og revolusjonære, og til slutt ein ny internasjonal. Det er ikkje så langt unna på horisonten som det ein gong har verka. Samtidig er all organisering betre enn ingenting – ingen plass å starte er for liten.

Sjå også:

Podkast: “What kind of Politics do We Need Today”

“A New Formation in the US Left: Marxist Center”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *