Debatt: Kva er det Steigan driv med?

Raud Tid er ei plattform for debatt på den revolusjonære marxistiske venstresida. Innlegga vi publiserer er ikkje nødvendigvis uttrykk for vår eige redaksjonelle linje. Innlegg kan sendast til kontakt@raudtid.no.


Av Vegard.

I 2014 starta Pål Steigan, tidlegare leiar i Akp(m-l), bloggen Steigan.no. Dette var ei vidareføring av bloggen psteigan.wordpress.com, kor han i utgangspunktet publiserte utfyllingar til boka Sammenbruddet. Etter kvart har bloggen vakse seg ganske stor. I 2017 blei nettsida tatt over av selskapet Mot Dag AS, ein freistnad på å byggje ein alternativ medieplattform som kan utfordre hegemoniet til «mainstream media».

Nefise Özkal Lorentzen har sagt at nettsida «[s]tiller spørsmål. Taler der andre tier.» Til ein viss grad er nok dette sant. I fleire år har Steigan vore blant dei få kritiske røystene i dekninga av Syria-krigen: mens dei store media heldt seg påfallande stille, avslørte Steigan den imperialistiske innblandinga i borgarkrigen, og hadde eit kritisk blikk på korleis dei norske borgarlege media følgjer den US-amerikanske linja når det kjem til utanrikspolitikk.

Denne kritiske haldninga, kombinert med Steigans kjendisstatus på norsk radikal venstreside, er nok ei viktig årsak til at Steigan etter kvart har fått ein relativt stor og lojal lesarskare.

 

Marxisme – eller borgarleg nasjonalisme?

Det ser derimot ut til at Pål Steigan har forlatt marxismen til fordel for ein vulgær borgarleg nasjonalisme. Dette er kanskje mindre rart enn det kan sjå ut som. Marxister har lenge hevda at hovudmotseiinga i verda i dag står mellom imperialismen på den eine sida og dei undertrykte landa på den andre. Dette er i tråd med Lenins tese om at vi lever i imperialismens tidsalder. Om ein erstattar «imperialisme» med det meir vage omgrepet «globalisme», er det lett å kome til konklusjonen at kuren er nasjonalisme – utan at det nødvendigvis er tydeleg uttalt.

I artikkelen “Krisa og enhetsfrontens og folkefrontens problemer” (ei tilvising til Dimitrov), tar Pål Steigan til orde for ein “folkefront” mot Solberg-regjeringa. Grunngjevinga er at “[r]egjeringa Solberg er globalister på sin hals”. Klagemål om “globalisme” har forresten dukka opp oftare og oftare på bloggen dei siste par åra. Vi er einige i at det er viktig å kjempe mot den borgarlege politikken til Solberg-regjeringa, og at det bør vere mogleg å samle folk på tvers av partiskillelinjer til denne kampen. Vi er også einige i at Solberg-regjeringa har forsøkt å utnytte pandemien og den økonomiske krisa til å stilne opposisjon. Raud Tid skreiv om kriselova då han blei diskutert på Stortinget, og har publisert fleire innlegg som tar til orde for klassekamp mot krisa.

Der skil vi lag med Steigan er grunnlaget for kritikken mot Solberg-regjeringa. Mens vi meiner problemet er den borgarlege politikken, meiner Steigan at problemet er at dei er “globalister”. Det er noko uklart kva definisjon på “globalisme” Steigan eigentleg legg til grunn, men på ytre høgre inngår termen “globalisme” i ein konspirasjonsteori om at ein kosmopolittisk elite søkjer å etablere ein “ny verdsorden” kor nasjonalstatane er underlagt overnasjonal styring. Ifølgje Conservapedia: “A one-world government is an ultimate goal of the Left.”

På ytre høgre har anti-globalismen ikkje sjeldan antisemittiske overtonar, og er gjerne forbunde med ein teori om at venstresida bruker “kulturmarxisme” for å svekke nasjonalstaten mot “invasjon” utanfrå (apropos dette, kan vi merke oss at bloggen det siste året har publisert fleire innlegg som peiker ut “flerkultur” som problem eller omtaler flyktninger med militaristiske omgrep). Teorien om “kulturmarxisme” har i sin tur opphav i den nazistiske ideen om “kulturbolsjevisme”. Poenget her er ikkje å stemple Pål Steigan som antisemitt, men det er vanskeleg å nekte for at innhaldet på nettsida hans liknar meir og meir på det ein kan finne hos Resett og Document. Inntrykket mitt er at publikumma for desse bloggane også byrjar å overlappe meir og meir.

Tilbake til Steigans “folkefront”. Kven skal eigentelg inngå i ein “folkefront mot globalismen”? Dei nasjonalkonservative som peiker ut “globalismen” som trugsmål, ser gjerne på politikarar som Trump, Putin, Bolsonaro og Le Pen som frontkjemparane mot “globalismen”. Blant dei meir ytterleggåande “anti-globalistane”, kan ein i Noreg nemne SIAN og nynazistane i DNM. Er det desse Steigan meiner at den norske arbeidarklassen skal danne folkefront med? Om det er dét Steigan meiner, vil det seie at han har forlatt kommunismen og gått over til reaksjonær, borgarleg nasjonalisme. Om det ikkje er det Steigan meiner, bør han velje presise omgrep som ikkje kan misforståast som rasistiske hundefløyter.

Ein raud-brun allianse vil ikkje vere til gagn for arbeidarklassen, som ifølgje Steigan har blitt forlatt av venstresida til fordel for “identitetspolitikk”. Tvert om vil ein “raud-brun” allianse drive ein kile tvers gjennom arbeidarklassen.

Eit fleirtal av den norske arbeidarklassen er kvinner, og eit ikkje-ubetydeleg innslag i arbeidarklassen har innvandrarbakgrunn. Kvinnene i arbeidarklassen blir undertrykt både som klasse og kjønn. Kvinnelege arbeidarar med innvandrarbakgrunn blir undertrykt som klasse, kjønn og kulturell gruppe. Ein raud-brun allianse som vulgært appellerer til å kjempe for interessane til den “norske arbeidarklassen”, og avfeie spesifikke kampar mot kjønna og kulturell undertrykking, vil berre vere til gagn for eit mindretal i klassen.

 

Det er stadig behov for ei revolusjonær medieplattform!

Då aktivistar frå SUF(m-l) starta avisa Klassekampen, var det fordi dei såg behovet for ei revolusjonær avis som kan utfordre det borgarlege mediemonopolet og vere ein reiskap i kampen for kommunismen. Etter krisa i AKP i starten av åttiåra, gjekk Klassekampen gradvis meir og meir i retning av å vere ein tradisjonell, borgarleg avis med eitt og anna venstre-standpunkt. Denne utviklinga er no fullenda.

Kapitalismen er i ferd med å øydeleggje sjølve livsgrunnlaget vårt. Slagordet om at vi har valet mellom sosialisme og barbari, er meir aktuelt enn nokon gong. For alle revolusjonære bør det vere klart at vi treng ei revolusjonær, uavhengig medieplattform, som kan utfordre det borgarlege tankehegemoniet og bidra til å byggje opp eit nytt. Raud Tid ønskjer å fylle det behovet, sjølv om vi enno har ein lang veg å gå.

Det vi kan slå fast, er at Steigan.no ikkje fyllar behovet. “Systemkritikk” utan eit klart marxistisk grunnlag blir ein ganske vassen suppe, og fører til reaksjonære standpunkt. Steigans flørting med nyfascistisk retorikk er spesielt farleg når Steigan blir lese av ærlege kameratar på venstresida. Konspirasjonsteoriar om ein “globalistisk elite” er ei farleg avsporing. Røynda er ille nok, og der er det borgarskapet som herskar.


Vil du svare på dette innlegget, eller har du noko anna på hjartet? Send oss innlegg på kontakt@raudtid.no.

6 Comments on “Debatt: Kva er det Steigan driv med?”

  1. Unnskyld at jeg spør, men utgir denne analysen av steigan.no seg for å bygge på marxismen?
    Savner en konkret kritikk og ikke synsinger, påstander og “guilty by association”.
    Kan forfatteren peke på en konkret artikkel som gjenspeiler det han kritiserer?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *