Basebygging: revolusjonær strategi over dammen

Denne teksten er meint som ein introduksjon til det strategiske omgrepet “basebygging” for eit norsk publikum. For dei interesserte, viser eg til notane og lenkene nedst i teksten. Innlegget er ikkje uttrykk for Raud Tid si redaksjonelle linje.

Av Vegard.

Marxist Center – eit revolusjonært einskapsprosjekt

Hausten 2018 møttest delegatar for 24 organisasjonar i Colorado Springs, for å delta på ein samlingskonferanse for revolusjonære marxistar. Namnet på konferansen var «Marxist Center Conference» (MCC), som blei arrangert for andre gong.

Den radikale venstresida i USA har hatt ein real opptur etter valsigeren til Donald Trump hausten 2016. Bernie Sanders har kanskje vekt beundring blant venstrekretsar i Noreg, mens det som skjer under overflaten har fått mindre oppmerksemd. Ein ny generasjon unge, skuffa etter venstresida sitt valnederlag i 2016, har fått auga opp for marxismen. Nye sosialistiske og kommunistiske organisasjonar har sprunge opp, og gamle organisasjonar har fått ny giv.

Likevel står problemet om einskap stadig uløyst – den radikale venstresida er ikkje kjent for gode familieforhold, og tidvis kan det sjå ut som om det finst fleire organisasjonar enn folk. Dette var noko av bakgrunnen for Marxist Center-konferansen. Spørsmålet var: er det mogleg å samle revolusjonære marxistar under eit felles flagg? Kva skal i så fall til?

Organisasjonane som deltok på MCC utgjer eit uformelt Marxist Center-nettverk. I dette inngår mellom anna Nebraska Left Coalition, Philly Socialists, Communist Labor Party og DSA Communist Caucus. I etterkant av konferansen har nokre organisasjonar i nettverket ført samtaler om ein permanent einskap og til og med samling i eit felles parti. Per dags dato er desse samtalene uavklarte, men ønskjet om einskap er heilt klart til stades. Marxist Center-nettverket er samla rundt nettmagasinet Regeneration Magazine.

Einskapsgrunnlaget: basebygging

Det samlande punktet for partia og organisasjonane som grupperte seg i Marxist Center, er strategien om såkalla “basebygging”. Basebygging er eit strategisk konsept som fokuserer på å byggje opp ein sosial base for revolusjonen, i staden for å fokusere på valkamp på den eine sida eller subkulturell aktivisme på den andre sida.

Omgrepet basebygging (“base building”) kom i bruk i US-amerikanske venstrekretser rundt 2017, og er knytt til ei strategisk nyorientering etter valsigeren til Donald Trump. D.B. Cooper har kalla basebygging ein “tendens”1, heller enn eit definert program eller ein einskapleg teori. Ulike folk og organisasjonar har naturlegvis ulike oppfatningar om kva denne “basebygginga” går ut på ‒ likevel går det an å samanfatte nokre trekk ved basebyggings-trenden. I det følgjande vil eg stort sett basere meg på artiklane i heftet “It’s All About That Base”, som så vidt eg har forstått blir brukt til studiar i Marxist Center-tilknytte organisasjonar.

Kort sagt handlar basebygging om å byggje permanente tillitsband mellom arbeidarklassen og revolusjonære: ein sosial base for sosialismen.

  • Basebygging startar med å byggje band til folk, og set “saker” og kampanjer i andre rekkje. Konvensjonell aktivisme finn først “saker”, og mobiliserer deretter folk.

  • Basebygging går ut på å byggje opp alternative institusjonar og motmakt-institusjonar (“counter-institutions”). Sophia Burns, frå Communist Labor Party, kallar dette “dual power” – meir om dette seinare. Alternative institusjonar handlar om måter å organisere seg på ein rettferdig og demokratisk måte her og no. Motmakt-institusjonar handlar om å byggje institusjonar som kjempar mot kapitalismen og svekkar makta til kapitalistane.

  • Alternative institusjonar er til dømes arbeidarstyrte bedrifter og gjensidig hjelp-nettverk. Dei er innstilte på å møte behova til folk her og no, utan å gå gjennom det etablerte systemet: kapitalismen og statsbyråkratiet.

  • Motinstitusjonar inkluderer fagforeiningar, leigetakarforeiningar, aksjonsgrupper for likelønn, m.m. Desse er innstilte på kamp mot det undertrykkande systemet, og er innstilt på å kjempe mot undertrykking og svekke makta til borgarskapet.

Les også: “Revolusjonær reformisme?”

Sophia Burns deler prosessen med basebygging inn i tre fasar2. Desse fasane er basert på erfaringar frå Seattle Communists, Philly Socialists, Austin Socialist Collective, Red Bloom Communist Collective og fleire andre organisasjonar.

  1. Ei gruppe med sosialistiske kadrar samlar seg og bestemmer seg for å byrje med basebygging. Dei legg dei ulike organisasjonserfaringane sine på bordet, og gjer ei ærleg drøfting av kva klassebakgrunn dei har. Resultatet av desse drøftingane vil påverke metoden i fase 2.

  2. Gruppa bestemmer seg for eit område dei vil drive basebygging i/rundt. Her er det viktig å setje seg realistiske mål. Gruppa kan t.d. bestemme seg for å nå ut til ein bestemt arbeidsplass, ei bestemt yrkesfagslinje eller ei bustadblokk. Hovudprioriteten er å bli kjent med folka ein har sett seg som mål å organisere. Desse utgjer den sosiale basen.

  3. Basert på det ein har gjort i fase 2, bør gruppa drøfte med medlemmane av den sosiale basen kva som må gjerast vidare – gjerne på minst eitt massemøte. Om den sosiale basen er ein bustadblokk kor leiga er for høg, kan det hende ein kjem fram til at det beste er å organisere ein leigetakarforeining.

Basebyggingstrategien er sjølvsagt ikkje noko som plutseleg har blitt pønska fram av kloke hovud, eller “dalt ned frå himmelen”. Som Mao sa, kan riktige tankar berre utvikle seg gjennom sosial praksis. Tim Horras viser til Black Panther Party som ei inspirasjonskjelde for basebyggingsstrategien, og nemnar spesifikt “overlevingsprogramma” til partiet3. Overlevingsprogramma var ei rekkje velferdsprogram, organisert av Black Panthers, for å imøtegå behov som ikkje blei ivaretatt av den undertrykkande US-amerikanske staten. Eitt program innebar å dele ut gratis sko til skolebarn, eit anna gjekk ut på å servere gratis frukost til sultne ungar.

Velferdsprogramma heitte “overlevingsprogram”, fordi målet bokstavleg talt var å halde dei fattigaste, mest undertrykte massane i live fram til revolusjonen. Dei var altså meint som midlertidige, ikkje permanente velferdsinstitusjonar. Samtidig var desse velferdsprogramma ein måte å kome i konakt med massane på og byggje gjensidige tillitsband.

Black Panther Party var, på si side, inspirert av masslinja, slik ho blei formulert av Mao:

Ta ideane til massane (spreidde og usystematiske idear) og konsentrer dei (gjer dei til konsentrerte og systematiske idear gjennom studier). Gå deretter til massane, propager ideane og forklar dei fram til massane omfamnar dei som sine eigne, held fast på dei og omsett dei til handling, og testa riktigheita til desse ideane gjennom slik handling. Deretter samanfatt nok ein gong ideane til massane og gå ut til dei slik at dei held fast ved ideane og gjennomfører dei. Og slik igjen og igjen i ein endelaus spiral, så ideane blir meir korrekte, meir livlege og rikare for kvar gong. Slik er den marxistiske kunnskapsteorien.4

Black Panther Party blir av mange rekna som den mest framskridne revolusjonære organisasjonen i USA etter 2. verdskrig. Partiet organiserte såkalla “survival programs”, inkludert gratis frokost-programmet. Foto: P. Jones og R.-M. Baruch.

Kritikk av basebygging

Basebyggingsstrategien har blitt utfordra. I november i fjor, publiserte nettavisa Left Voice eit debattinnlegg av ein som heitte Steve Leigh, som kritiserte basebyggingsstrategien. Kritikken hans gjekk i hovudsak ut på to punkt:

For det første, at Marxist Center og basebyggar-organisasjonane fokuserer for snevert på økonomiske kampar, og dermed driv med økonomisme. Lenin skreiv at sosialistisk bevisstheit ikkje veks opp av fabrikkgolvet. Sosialistar må, gjennom det kommunistiske partiet, tilføre arbeidarrørsla eit breiare politisk perspektiv.

For det andre kritiserer han basebyggarane for å føre ein hierarkisk strategi. Det som ser ut som aksjonsgrupper oppretta av og for arbeidarklassen, er i verkelegheita berre frontorganisasjonar for den og den organisasjonen. Konklusjonen til Leigh er at kommunistar må “[organisere] dei mest politisk bevisste arbeidarane i eit sosialistisk fortroppsparti som, i ein revolusjonær situasjon, kan leie arbeidarklassen sin kamp for makta” (Mi omsetjing til nynorsk – Vegard).

Sjølv om eg ser heile debatten utanfrå, meiner eg Leighs kritikk framstår som svak. Leigh ser ut til å meine at eit parti skal tilføre revolusjonær bevisstheit til massane, men korleis skal ein gjere dette utan å gå massane i møte, lytte til deira behov, diskutere med dei og saman utarbeide krav og aksjonsformer som kan betre situasjonen deira her og no? Berre ved å kjempe side om side ved arbeidarklassen, og over lang tid byggje opp gjensidig tillit, kan ein “tilføre sosialistisk bevissheit”. Dessutan er det merkeleg at Leigh kritiserer Marxist Center for å ha ein “hierarkisk modell”, når han sjølv argumenterer for eit fortroppsparti, som per definisjon er hierarkisk organisert. I teksten “Dual Power FAQ”5 gjer Sophia Burns det tydeleg at basebygging ikkje handlar om å lage frontorganisasjonar.

At basebyggingsstrategi utelukkande fokuserer på økonomiske krav, og ikkje er relevant for å kjempe mot rasismen, sexismen, homofobien m.m. som undertrykkjer store delar av arbeidarklassen, er ikkje nødvendigvis sant selv om Leigh ser ut til å påstå det. Når Sophia Burns gir eit døme på korleis ein kan gå fram for å drive basebygging (eller med hennar ord: byggje dobbelmakt) i praksis, bruker ho aksjonsgruppa Tacoma Clinic Defense i Washington som døme. Dette var slett ikkje snakk om nokon “snever økonomisk kamp”, men ein kamp for at kvinner skulle få gjennomført abort utan å bli trakassert utanfor klinikken6.

Sjølv om Leighs kritikk ikkje treffer, betyr ikkje det at basebyggingsstrategien er skotsikker. Dei som argumenterer for basebyggingsstrategi, snakkar også gjerne om dobbelmakt, eller “dual power”. Det varierer kva dei legg i dette omgrepet. For nokre er det nærmast synonymt med basebygging. For andre er det snakk om å byggje opp alternative institusjonar og motmakt-institusjonar som kan danne kimen til ein ny måte å organisere samfunnet på. Sosialisme, med andre ord. Ingen av desse måtene å bruke ordet “dobbelmakt” er den same som når Lenin snakka om dobbelmakt. Lenin brukte ordet dobbelmakt for å skildre den spesifikke situasjonen Russland sto i før Oktoberrevolusjonen i 1917, då Sovjetane (arbeidar-, bonde- og soldatråda) i praksis fungerte som ei eige statsmakt parallellt med den borgarlege staten. Dette kunne aldri vere meir enn ein midlertidig situasjon; før eller seinare måtte den eine statsmakta nedkjempe den andre.

I teksta “Dual Power FAQ” skriv Sophia Burns dette som svar på spørsmålet “Kva er dobbelmaktas endelege mål”?

Dobbelmakt byggjer eit system kor folk og fellesskap kontrollerer sine eigne liv. Strategien er å bringe meir og meir økonomisk aktivitet, offentlege avgjerder og andre samfunnsområde inn i deltakande demokratiske prosessar. Vi fortener alle å ha ein meiningsfull stemme i avgjerder som påverkar oss. Dobbelmakt-institusjonar set det prinsippet ut i live.7

Det er jo vel og bra, men kva gjer ein når dobbelmaktintitusjonane har vakse seg sterke nok til at storkapitalen og den borgarlege staten ser på dei som eit trugsmål? “Alternative institusjonar” og “motmakt-institusjonar” kan ikkje i all evigheit eksistere parallelt med den borgerlige staten, like mykje som kapitalistklassen og arbeidarklassen kan kome fram til varig klassefred.

Slik sett kan ein ikkje sjå på basebygging som sjølve strategien for å overvinne kapitalismen. Derimot er basebygging ein metode for å smi saman kommunistane og arbeidarklassen, og dermed byggje opp den styrka vi treng for å nedkjempe kapitalismen – gjennom revolusjon. Nøkkelspørsmålet på venstresida er spørsmålet om overtaking av statsmakta, og dette står ubesvart av “basebyggarane”.

Relevans for Noreg?

Den US-amerikanske debatten om “basebygging” har fått lite gjenklang i Noreg, og eg må også innrømme at eg ikkje har nærstudert debatten sjølv. Det er ingen grunn til å meine at basebyggingsstrategien til Marxist Center er noko som kan overførast skjematisk til Noreg – spesielt sidan spørsmålet om statsmakta er uavklart. Dette er i grunnen ikkje så rart, sidan organisasjonane som utgjer Marxist Center står for forskjellege politiske linjer.

Likevel er delar av argumentasjonen til Marxist Center-tilhengjarane interessante for oss i Noreg. Tim Horras frå Philly Socialists set to måtar å drive politisk arbeid på opp mot kvarandre: “Activist Networking or Organizing the Unorganized?”. Her er kva han har å seie om førstnemnte:

Aktivistisk nettverksbygging (“activist networking”) er det ein kan kalle livsstilsaktivisme, i betydninga at individ byggjer identiteten sin rundt det å vere aktivist, og får mesteparten av det sosiale livet sitt gjennom aktivisme. Dette er den same sorten folk som ikkje samhandlar med, ikkje er komfortable rundt og ikkje er vennar med ikkje-aktivistar og ikkje-teoretiske folk. Timeplanane deira er ein einaste travel reiserute mellom møte, studiesirklar, protestar og konferansar.

Desse individa er ikkje særleg opptatte av effektivitet, sidan aktivisme er mest eit fritidssyssel for dei, ein identitet, eller ein «friplass» med likesinna folk kor dei kan snakke om felles interessar utan å måtte samhandle med desse ureine arbeidarklassefolka.

Når det kjem til praksis, er den aktivistiske nettverksbygginga ein modell kor aktivistar frå ein organisasjon blir einige om å kome på arrangementa til ein annan, med ei forventing om at aktivistar frå den andre gruppa gjengjelder med det same. Dette skaper ofte komiske situasjonar kor 20 forskjellege organisasjonar «gir støtte» til eit arrangement kor berre 40 personar dukkar opp. 8

Alle som har vore aktive på den norske venstresida ein stund bør kjenne igjen fenomenet kor “20 forskjellege organisasjonar «gir støtte» til eit arrangement kor berre 40 personar dukkar opp”. Etter arrangementet, sannsynlegvis ei folkemønstring med plakatar, appellar og flagg, drar aktivistane heim og venter på den neste “saka” dei kan demonstrere mot – med den same kretsa av aktivistar.

Les også: “Kritikk av eit syn på aktivisme”

Konklusjon

Eg meiner ikkje at Marxist Center har funne ein fiks ferdig modell som revolusjonære i Noreg må følgje. Poenget med denne teksta har vore å introdusere tankane om basebygging for eit norsk publikum, og forhåpentlegvis bidra til vidare debatt. Eg trur at delar av erfaringane som er samanfatta av folk i Marxist Center har overføringsverdi til Noreg – til dømes trur eg at metodane som blei brukt då Tacoma Clinic Defence aksjonerte for å fjerne abortmotstandarar frå ein helseklinikk kan vere gyldige i andre situasjonar. Mi oppfordring er at folk les kva ulike folk har skrive om basebygging, tenkjer godt gjennom kva det kan lære oss som kjempar for å byggje ei revolusjonær rørsle i Noreg, og diskuterer med kameratar. Målet må vere handling.

 

1 Sjå introduksjonen til heftet “It’s All About That Base”, s. 1. https://docs.google.com/document/d/1_5TCNcQzKEnK3G9iVc7LHxu5umKPg8ApLU2z15ePcH0/edit

2 Sophia Burns, “Cultivating a Model”, s. 41 i det same heftet.

3 Tim Horras, “Where does the march end? Base-building and mass action as discrete moments in a singular process” s. 32 i det same heftet.

4 Henta frå Quotations from Mao Tse-Tung på Marxist Internet Archive: https://www.marxists.org/reference/archive/mao/works/red-book/ch11.htm. Mi omsetjing til nynorsk.

7 Sophia Burns, “Dual Power FAQ” i “It’s All About That Base”, s. 8-9.

6 Same plass.

7 Same heftet, s. 6. Mi omsetjing til nynorsk.

8 Tim Horras, “Activist Networking or Organizing the Unorganized?”, s. 26 i det same heftet. Mi omsetjing til nynorsk.

Lenker:

“It’s All About That Base”

Is Economic Struggle Enough?—A Critique of “Base Building”

2 Comments on “Basebygging: revolusjonær strategi over dammen”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *