USA blokkerer koronahjelp til Cuba

Nyleg blokkerte USA ei forsending av medisinsk utstyr til Cuba. Lasten skal mellom anna ha innehaldt andletemasker, pustemaskiner og diagnoseutstyr, ifølgje styresmaktene i landet. (Oppklaring: Lasten var betalt av Jack Ma, kinesisk milliardær, og blei sendt med fly frå Kina til Cuba. Flyet blei stansa i Colombia av Avianca Airlines, på grunn av embargoen. –Red)

Dette blei meldt av NRK sist laurdag.

Sidan 1958 har USA ført ein handelsblokade mot Cuba. Under Obama-regjeringa blei det haldt samtaler om å mjuke opp det diplomatiske forholdet mellom USA og Cuba, men denne uviklinga har blitt reversert under Trump-regjeringa.

Samtidig som Cuba sender legar til virusramma land, held USA-imperialismen fram med å sabotere land som står i vegen for amerikansk hegemoni.

Det er ikkje berre Cuba som blir ramma av imperialismens øydeleggingslyst midt i pandemien. Oliver Stone har kritisert USA for å bruke korona-pandemien som våpen mot Venezuela og Iran (TeleSUR).

Dei same landa er under kraftige sanksjonar frå USA, som har ført til mangel på medisinar og andre nødvendigheitsvarar allereie før pandemien.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *