Ny tillit til makta i korona-krisa?

Høgre går fram på meiningsmålingane for april. VG skildrar framgangen som eit “historisk hopp”. Bakgrunnen ser ut til å vere korona-epidemien og den økonomiske krisa som har følgt med.

Det er ikkje berre her heime at regjeringspartiet får ny tillit frå veljarane som følgje av krisa. Den britiske avisa Express kan melde at Boris Johnson-regjeringa gjer si beste popularitetsmåling så langt. Den konservative regjeringa er dermed den mest populære på ti år.

Det er interessant at den radikale opposisjonen i Noreg ikkje ser ut til å ha styrkt seg i krisa. SV står på staden kvil, mens Raudt i snitt har gått tilbake eitt prosentpoeng sidan mars (Poll of polls).

For kommunistar som har “venta på den neste krisa”, bør dette vere interessant å følgje med på. Den økonomiske krisa har ikkje automatisk ført til radikalisering av folkeopinionen.

Les også:

Korona kutter kapitalismens gardiner”

“Møt krisen med klassekamp”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *