Bokmelding: Demarcation and Demystification

Av Vegard.

«Filosofane har berre tolka verda forskjelleg. Det det kjem an på, er å endre ho.»

Slik laud Marx’ ellevte tese om Feuerbach. Brotet med den hittil eksisterande filosofien var absolutt, og praksis blei sett i førarsetet. Marxistiske filosofar har i ettertid stridd om korleis ein skal tolke denne ellevte tesen. Problemet har vore som omtrent følgjer: kva vil det seie å drive filosofi i marxismens skugge? Dette er utgangspunktet for J. Moufawad-Pauls (herfrå: «JMP» eller «forfattaren») bok med den litt ugjennomsiktige tittelen Demarcation and Demystification.

Om forfattarskapet

Moufawad-Paul er ingen kjendis-filosof, slik som den meir kjente Slavoj Zizek. Likevel er han kontroversiell i enkelte kretsar. JMP er maoist, og støttar det kanadiske revolusjonære partiet PCR-RCP. Den gonzalittiske fløya i den maoistiske rørsla har kritisert han for «post-moderne» avvik frå marxismen og ein akademisk skrivestil. Det siste klagemålet er delvis sant, men på ingen måte kriminelt.

Forfattaren har arbeidd med Demarcation and Demystification i fleire år, og publisert fleire bøker i mellomtida. Ein kan nemne The Communist Necessity, eit forsvar for kommunistpartiet i ei tid kor spontanitet har blitt den «nye» trenden på venstresida, og Continuity and Rupture, som utforskar kva det vil seie at maoismen er det tredje og høgaste stadiet i marxismen som vitskap.

Kva vil JMP med boka?

Eit gjennomgåande tema i forfattarskapet til JMP er tanken om at marxismen er ein vitskap, jamfør Engels’ bok Sosialismens utvikling frå utopi til vitenskap. Om ikkje marxismen (det vil seie, den historiske materialismen) er ein vitskap, korfor velje marxismen framfor nokon annan sosialistisk teori? Det må nemnast at JMP bruker ordet vitskap på ein breiare måte enn vi er vane med i daglegtala. Ein vitskap er ein naturleg (i motsetning til metafysisk, overnaturleg) forklaring av naturlege fenomen som er i stand til å produsere ein sannheitsprosedyre («truth procedure») og dermed avmystifisere verda. Marxismen, ein teori for revolusjon, produserer teori gjennom revolusjonær praksis og først og fremst gjennom verdshistoriske revolusjonar – JMPs nemning på Pariskommunen, Oktoberrevolusjonen og den Kinesiske revolusjonen; først og fremst Kulturrevolusjonen.

Demarcation and Demystification skil seg noko frå dei tidlegare bøkene til forfattaren. Dette er ikkje ein filosofisk inngripen i politiske forhold, men ein metafilosofisk drøfting av filosofiens rolle. Det er spesielt to filosofiske tendensar JMP vil til livs. På den eine sida, den vulgærmaterialistiske tanken om at *all* filosofi nødvendigvis må vere idealistisk, gjerne med unntak av ein bestemt definisjon av «dialektisk materialisme». På den andre sida, dei filosofane som blandar saman filosofi og samfunnsendring, og derfor vier tid til å byggje opp spekulative filosofiske system om korleis verda «eigentleg» er. Skal ein tru JMP, er ikkje desse to tendensane så forskjellege. Det finst marxistar som går langt i å meine at dialektikken er ein slags ontologi, gjerne basert på ei lesing av Engels’ naturdialektikk. Desse same kameratane vil også gjerne meine at det er særs viktig å ha eit godt grep om filosofien, då denne er utgangspunkt for teorien – heller enn omvendt.

Det eg vil kalle hovudtesen i boka, er at filosofien ikkje *kan* gjere anna enn å tolke verda, jamfør Marx. Det er heller ikkje filosofien si oppgåve å endre verda – i alle fall ikkje på eige hand. Alt filosofien kan gjere, er å gripe inn (intervene) i teorien, skilje klinten frå kveita, trekkje opp konseptuelle linjer og tvinge fram meining. Ein gjennomgåande metafor, både i denne boka og Continuity and rupture, er «teoretiske terreng». Marxismen er eit slikt terreng, mens maoismen er ein «teoretisk region» i det større terrenget. JMP samanliknar oppgåva til filosofen med den til ein kartograf, som trekkjer opp linjer på papir for å lage kart over terrenget. Men filosofen kan ikkje endre sjølve terrenget.

Eit sentralt premiss i boka er tanken om at filosofen «heng etter» vitskapane, og at eit gjennombrot i vitskapen tving fram eit gjennombrot i filosofien, ein idé JMP har lånt frå Louis Althusser. Althusser hevda at den historiske materialismen (ein vitskap om korleis samfunn utviklar seg, gjennom klassekamp og revolusjon) enno ikkje hadde tvunge fram eit slikt gjennombrot i den marxistiske filosofien. At det enno ikkje finst semje om kva nemninga «marxistisk filosofi» skal bety, kan tilsynelatande stadfeste dette.

Har forfattaren lyktest?

For meg som ikkje har studert filosofi på akademisk nivå (sett bort frå eit semester med ex.phil) er delar av boka noko utilgjengeleg. Dette gjeld spesielt delen som heiter «philosophy and ontological systems», kor JMP kritiserer ein tendens blant enkelte moderne filosofar til å lage ein filosofisk «grunnmur» for vitskapane. Han bruker spesielt mykje plass på å kritisere Francois Laruelle sitt konsept «ikkje-filosofi»; ein teori om korleis alle typar filosofi er basert på eit «filosofisk val (decision)». For ein som ikkje kjenner til Laruelle frå før (meg inkludert) framstår denne diskusjonen som framand og irrelevant for resten av boka – spesielt sidan Laruelle er nokså ukjent utanfor akademiske kretsar. Det er rett nok forståeleg at ein filosofisk bok om filosofi går i samtale med andre filosofar som har teoretisert sjølve filosofien.

Lenin understrekte behovet for «klarheit, klarheit og atter klarheit» – rett nok i ein diskusjon om arbeiderklassens forhold til alkohol. Har JMP så bidratt til å skape meir klarheit? Eg meiner tja. Han har trekt opp eit tydeleg konseptuelt skilje mellom praksis, teori og filosofi og så å seie nedvurdert filosofien til nedst i hierarkiet. Det som står i vegen for klarheit er den akademiske stilen og som gjer boka noko tung og keisam å lese.

Avslutning

Det eg sit igjen med som aktivist, er at eit grep om *filosofien* er mindre viktig enn eit solid grep om den politiske teorien, og enda viktigare, eit ærleg engasjement i revolusjonær politisk praksis. Dette betyr ikkje at filosofi er uvedkomande for massane, og høyrer heime blant intellektuelle på universiteta. Eit poeng for JMP er at dei som deltar i revolusjonær praksis – og dermed er nøydd til å anvende og utvikle revolusjonær teori – heile tida driv «spontan filosofi», dvs. refleksjonar over kva teorien betyr, men at dette i seg sjølv ikkje er teoretisk verksemd. Det er tilstrekkeleg å vite at dette skiljet eksisterer, og dermed avstå frå å drive filosofisk spekulasjon.

På venstresida finst det anti-intellektualistiske straumdrag, som har sett seg lei av både teori og filosofi. Vi treng mindre tenking, og meir praksis. Filosofane har blitt skyvd ut på sidelinja – med rette. Filosofane reagerer. JMP skriv at «det finst også mange kritiske akademikarar som taler for å forlate kampen og ber oss om å vende tilbake til tolkings-handlinga.» Ein av desse er Slavoj Zizek. I innleiinga til boka Violence (2008), konkluderer han med at vi må trekkje oss tilbake, reflektere og “lære, lære, lære” i møte med den systematiske valden vi møter rundt oss, heller enn å reagere med hastverk.

Les også: “Zizek og kommunismen”, av Mikael Lyngaas og Vegard

Eg antar at JMP ville ha sagt at Zizek har snudd problemet på hovudet. Det meiner iallfall eg at han har.

Kven vil eg anbefale boka til? Først og fremst dei marxistane som er spesielt interesserte i filosofiske spørsmål. For det andre, spekulative filosofar som enno er opptekne med å «tolk[e] verda», mens «det det kjem an på, er å endre ho». Til revolusjonære som ikkje er spesielt interesserte i filosofien, vil eg ikkje anbefale boka. Dette trur eg til og med JMP sjølv har forståing for. «Utan ein revolusjonær teori, kan det ikkje finnast ei revolusjonær rørsle.» Filosofien, derimot, er ikkje like uunnverleg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *