Internasjonal leigestreik 1. april

Den økonomiske krisa i samband med COVID-19-pandemien rammar internasjonalt. Som vanleg blir arbeidarklassen og småfolk ramma hardast. Som svar på krisa har det oppstått ei rørsle som tar til orde for internasjonal leigestreik frå og med 1. april.

I Seattle, Washington har det blitt oppretta ei aksjonsgruppe med namnet “Seattle Rent Strike”. På nettsida deira har dei ressursar om korleis leigetakarar i ei bygning kan gå fram for å organisere leigestreik. Om korfor ein bør streike, skriv dei:

“Some are calling on the state and federal government to put a moratorium on rent and mortgage collections. If this happens, great. If it does not, this changes nothing. We still can’t pay, so we won’t. Banks and landlords should not be able to continue profiting on renters and mortgages when there is no way to earn money. That’s just common sense. If we can’t make money, neither can or landlords, neither can the banks.”

Også i Canada har aktivistar tatt til orde for aksjon. Det melder CTV News.

Det er ikkje berre på andre sida av Atlanteren folk har økonomiske vanskelegheiter som følgje av krisa. Arbeidsløysa i Noreg er no på sitt høgaste sidan den Store depresjonen.

Les også: “Korona kutter kapitalismens gardiner”, av Mikael Lyngaas

Studentar som mistar inntekta si på grunn av permittering har ikkje rett på dagpengar. Når to av tre studentar jobbar ved sida av studiet, og husleige er den største utgiftsposten for dei fleste, er det mange som får problem med å betale husleiga. Student Ida Andersen, som har skrive til Aftenposten, er ein av dei som har fått problem med å betale leiga.

Etter kritikk frå studentleiarar, lova regjeringa å vedta ei ny krisepakke som skulle «ivareta» studentane. Løysinga (les: plasteret på såret) blei at studentane får heile studielånet for vårsemesteret utbetalt i april, og at dei i tillegg kan søkje om meir lån.

Statens klassekarakter bør bli tydeleg for mange. Mens bedriftene får milliardar for som erstatning for tapte inntektar, får studentar tilbod om å bli gjeldsslavar.

I årevis har bustadsprisane i dei store byane vore for høge, og folk må i verste fall ta til takke med helsefarlege bustadar eller urimelege leigekontraktar for å ha tak over hovudet. Krisa gjer berre vondt verre. Er dette dråpa som får begeret til å renne over – også i Noreg?

Raud Tid oppfordrar ingen til å la vere å betale leige med mindre det er som del av ein godt organisert leigestreik. At ein einskild person lar vere å betale leiga si, er ikkje leigestreik. Alle leigetakarane i ei bygning må halde tilbake betaling, og sjølv i desse tilfella må ein tenkje nøye gjennom konsekvensane. Leigestreik er risikabelt, og leigetakarar har ikkje streikerett slik som arbeidstakarar.

One Comment on “Internasjonal leigestreik 1. april”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *