Ny nettside 27. november 2019

Tysdag 26. november 2019 kjøpte vi domenet www.raudtid.no, og starta prosessen med å flytte nettsida vår hit. Frå og med i dag vil det ikkje bli publisert nye innlegg på den gamle nettsida vår, raudtidblogg.wordpress.com.

Den nye nettsida er eit steg i prosessen med å utvide plattforma Raud Tid, og byggje opp ein meir profesjonell profil. Å eige eit eige domene, med ei adresse som er enkel å hugse, er svært viktig for å framstå som ein seriøs debattplattform.

Vi vil takke alle som har lese innlegga våre, følgt oss på sosiale medium og bidratt på Patreon-kontoen vår. Utan dokker hadde ikkje dette vore mogleg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *