Debatt: Korleis skaper vi eit berekraftig samfunn?

Raud Tid er ei plattform for debatt på den revolusjonære marxistiske venstresida. Innlegga vi publiserer er ikkje nødvendigvis uttrykk for vår eige redaksjonelle linje. Innlegg kan sendast til kontakt@raudtid.no.


Av Vegard.

Eg deltok nyleg på ein studiesirkel kor spørsmål om klima og miljø blei diskutert i eit antikapitalistisk perspektiv. Her blei det mellom anna tatt opp at om alle land i verda skulle hatt same økologiske fotavtrykk som i Noreg, ville vi ha trengt 3,6 jordklodar[1]. Det er vår plikt, både av omsyn til framtidige generasjonar og dei fattige og utbyta folka i det globale sør, at vi i Noreg endrar måten vi lever på. I ei tid kor den globale kapitalismen driv oss stadig nærmare fullstendig økologisk kollaps, og kommunismen meir og meir blir ei nødvendigheit, er det viktig å diskutere alternativ til dagens samfunnsordning. I møte med håplausheit, forvirring, mangel på handlekraft og uærlege løfter er vi nøydd til å tenkje kreativt og ta spørsmålet på alvor: korleis kan eit berekraftig samfunn sjå ut?

 

“Grøn kapitalisme” er ei sjølvmotseiing

Eg tar utgangspunkt i at den kapitalistiske produksjonsmåten ikkje er mogleg å sameine med eit berekraftig samfunn. Den frie konkurransen, og behovet for å alltid produsere billigare enn konkurrenten, gjer at selskap vel dei billigaste og ofte minst miljøvennlege løysingane. Dessutan er kvart einskilde selskap avhengig av årleg produksjonsvekst – ingen investor eller aksjonær vil investere i eit selskap som ikkje forventar å gå med overskot på slutten av året! Evig økonomisk vekst er umogleg på ein planet kor ressursane er avgrensa og kor atmosfæren berre toler ein så og så høg konsentrasjon av drivhusgassar. Sjølv «fornybare» ressursar som trevirke og havliv vil ta slutt om dei blir utnytta raskare enn dei kan reprodusere seg sjølv. Om menneska skal leve på planeten i meir enn førti-femti år til, må vekst vike for nullvekst og profitt vike for behov.

 

Borgarleg humanisme og erobringstankegang

Det klassiske borgarlege synet på naturen er at han er (1) åtskild frå menneska, (2) noko som er til for menneska og kan erobrast av menneska og (3) ein uuttømmeleg ressurs. Ifølgje dette synet var jordbruksrevolusjonen begynninga på erobringa av naturen, mens den industrielle revolusjonen var starten på fullbyrdinga av denne erobringa. Dette synet på tilhøvet mellom menneska og naturen har aldri vore einerådande (diverse urfolkssamfunn har lenge insistert på å sjå på menneska som del av naturen) og er i ferd med å slå sprekkar. Det blir klart for fleire og fleire at menneska er prisgitte dei spillereglene som er sette av naturen. Likevel skinn erobringsprinsippet gjennom i den borgarlege teknologioptimismen; mange velmeinande liberale meiner at sidan mennesket har ei uavgrensa evne til å skape og temme naturen, vil det før eller sidan bli laga teknologi som kan stanse og til og med reversere klimaendringane og miljøøydeleggingane. Dette borgarlege synspunktet er ein blindveg for alle miljøbevisste menneske. Vi må frigjere oss frå erobringstankegang, og straks kjempe for eit samfunn og ein produksjonsmåte som respekterer spillereglene til naturen.

 

Sosialistisk planøkonomi er nødvendig

Vi har så langt etablert at eit berekraftig samfunn ikkje kan vere kapitalistisk, og at menneska må frigjere seg sjølv frå tanken om at naturen skal erobrast. Eg meiner at det samfunnet vi treng er eit kommunistisk eit: kor produksjonen blir planlagt i fellesskap, kor behova til folk og tolegrensene til naturen er utgangspunktet for all produksjon og kor ein kan yte etter evne og få etter behov. Eg vel å halde fast på planøkonomien som eit viktig sosialistisk prinsipp, i motsetning til marknadsøkonomien som enkelte sosialistar vel å halde fast ved. Eit økonomisk system kor interndemokratiske arbeidarkooperativ og samvirke står i fri konkurranse med kvarandre er ikkje frigjort frå enkelte kapitalistiske lover (eg vil ikkje gå inn på meirverdilova her). Dei må stadig konkurrere om å vere billigare enn motstandaren, for å unngå konkurs. Dei må stadig gå med eit årleg overskot – og derfor produsere meir kvart år – for at ikkje dei tilsette skal gå ned i lønn. Dei er ikkje i stand til å leggje langsiktige planar, på same måte som vanlege privatkapitalistiske selskap. Dette betyr ikkje at kooperativ og samvirke ikkje kan inngå som verdifulle element i ein sosialistisk økonomi, men at dei viktigaste delane av økonomien må vere styrt som statlege føretak utan eit krav om vekst.

 

Kva vil den grøne kommunismen seie for oss?

I tillegg til å endre på dei samfunnsøkonomiske forholda, må vi som menneske endre måten vi held oss til naturen og til kvarandre. På studiesirkelen som blei nemnt i innleiinga blei det diskutert korleis forbruksnivået og det økologiske fotavtrykket i Noreg kunne gå ned, utan at fattige måtte gå ned i levestandard. Her er nokre av tinga som blei nemnt som forslag:

  1. Vi er nøydd til å gå bort frå tanken om at levestandard er det same som materielt forbruksnivå. Livskvalitet for alle må vere det berande prinsippet.
  2. Skiljet mellom by og land må viskast ut – spesielt kan det skje meir matproduksjon i byane.
  3. Folk kan bu på meir kollektive måtar og gjere fleire ting i lag. Det kan byggjast bueiningar med felles kjøkken, spisesal og vaskeri. Folk kan i større grad bu på tvers av generasjonar: unge studentar kan til dømes bu saman med pensjonistar.
  4. Det kan opprettast «leigesentralar» i lokalsamfunna, kor folk kan låne alt frå hagereiskapar til musikkinstrument – i staden for at alle skal ha kvart sitt av alt.
  5. Alle store bueiningar kan ha ein tilknytt «kjøkkenhage» kor bebuarane dyrkar noko av det dei et i fellesskap.
  6. Byane må planleggjast slik at folk har kort avstand til jobb og butikk for å avgrense behovet for privatbilisme.
  7. Ein levemåte kor folk gjer fleire ting i lag, og lev tettare på naturen, kan bidra til å endre måten vi ser på oss sjølv og kvarandre. Folk kan føle seg mindre einsame og meir som fullkomne menneske i eit verdifullt fellesskap med andre.

 

Konklusjon

Eit berekraftig samfunn kor menneska lev i pakt med naturen er ikkje bygd over natta. Ei heller vil tanken om at levestandard og materielt forbruksnivå er det same forsvinne av seg sjølv. Som Lenin sa, byggjer vi sosialismen med dei menneska som eksisterer i dag, overlevert frå det kapitalistiske samfunnet, ikkje ei form for draumemenneske vi har skapt sjølv[2]. Vi som ser på oss sjølv som miljøbevisste sosialistar er også på mange måtar prega av borgarleg forbrukartenking, «erobrings-tankegang» og individualisme. Kampen mot desse tankemåtane og for ein levemåte kor menneska er meir i takt med naturen vil ta generasjonar å fullføre. Det einaste som er sikkert er at vi aldri vil vinne denne kampen innanfor eit kapitalistisk system.


[1] https://www.nrk.no/urix/nordmenn-blant-verstingene-pa-globalt-klimaavtrykk-1.14147490

[2] https://www.marxists.org/archive/lenin/works/1920/lwc/ch06.htm

2 Comments on “Debatt: Korleis skaper vi eit berekraftig samfunn?”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *