Nederlag for SIAN i Bergen

Laurdag 3. august hadde SIAN stand i Bergen. Det enda som ein fullstendig fiasko for rasistane og ein siger for den antirasistiske aktivismen.

Då SIAN kom til Festplassen rundt 12:30, var demonstrantane allereie på plass. Lenge før det heile starta hadde politiet sett opp gjerder og sperringar for å førebyggje konfrontasjon. Under 10 SIAN-medlemmar stod fullstendig isolerte bak politigjerdene, mens opp til 300 antirasistar sto på andre sida. Då appellantane til SIAN byrja å snakke klokka 13:00, ble dei møtt av slagord, rop, trommer og anna støy. Nokre aktivistar kasta brød og meisebollar over politigjerdene for å trekkje til seg fuglar, til klar irritasjon for rasistane.

Det heile skjedde sjølvsagt ikkje utan dramatikk. Midt i demonstrasjonen blei minst to – sannsynlegvis fleire – kameratar spraya i andletet med peparspray av ein SIAN-aktivist. Vedkomande blei straks arrestert av politiet og vist bort frå området. Det er tragikomisk at antifascistar blir skulda for å vere valdelege når SIAN-aktivistar angrip fredelege demonstrantar på offentleg plass. Det er eit hån mot alle ofre for rasistisk vald at arrangementet til SIAN ikkje blei stengt ned etter dette.

Trass i alt var dette ein klar siger for antirasismen. Så godt som ingen møtte opp for å høyre på bodskapen til SIAN, halvparten av dei som stod på SIAN si side av gjerdet var politifolk, og forbipasserande var knapt i stand til å høyre kva som blei sagt over støyen til motdemonstrantane.

I dag har det blitt klart for alle og einkvar – rasismen er ikkje velkommen i Bergen!

Foto: Raud Tid
Foto: Raud Tid
Foto: Raud Tid

Bergensavisen har skrive om demonstrasjonen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *