Debatt: “Revolusjonær” reformisme?

Av ein kommentator. Raud Tid går ikkje nødvendigvis god for heile innhaldet.

9. til 12. mai heldt Raudt landsmøte i Oslo. Den klart mest diskuterte saka i samband med dette gjaldt ei formulering i prinsipprogrammet kor det står at målet til partiet er eit kommunistisk samfunn. Kommunistar i og utanfor Raudt har tillagt denne formuleringa stor betydning og Sosialistisk Revolusjon, den norske avdelinga av trotskistiske IMT, hevdar at landsmøtet var eit nederlag for reformistane i partiet. Andre, både kommunistar og ikkje-kommunistar, har hevda at ordet «kommunisme» berre har symbolsk betydning og at det er den politiske praksisen til partiet som avgjer partiets karakter. Eg sluttar meg til det siste synet og meiner at Raudt er eit sosialdemokratisk valparti av den klassiske typen – ikkje eit revolusjonært kommunistparti. Dette vil sjølv mange i Raudt vere einige i.

Det som ikkje har blitt diskutert nok er den grunnleggjande reformistiske karakteren til partiet. Eg skal ikkje skrive ein detaljert kritikk av Raudts strategi her, men i korte trekk går han ut på dette: å stille til val både lokalt og nasjonalt; å byggje opp eit sosialistisk masseparti, i motsetning til kaderparti; å støtte kamplinja i fagrørsla; å arbeide for reformer i «sosialistisk retning» under dagens system; å byggje «utanomparlamentariske rørsler» til støtte for desse reformene; å «utvide» det borgarlege demokratiet; å innføre systemoverskridande reformer som utfordrar kapitalismen som system.

Eg vil leggje til grunn følgjande standpunkt:

  • Klassekampen er drivkrafta som fører historia framover.
  • Klassekampen mellom borgarskapet og proletariatet må føre fram til den sosialistiske revolusjonen og opprettinga av arbeidarklassens politiske makt, det dei marxistiske klassikarane har kalla «proletariatets diktatur».
  • Dagens stat er ein borgarleg stat, som eksisterer for å verne om borgarlege produksjonsforhold.
  • Oppgåva til den sosialistiske revolusjonen er å opprette ein ny stat; ein arbeidarstat.

Den «revolusjonære reformismen»

I lang tid har kommunistar i Raudt og Raud Ungdom argumentert for at det er nødvendig å delta i borgarlege val. Desse kameratane er ikkje reformistar; dei meiner gjerne i prinsippet at det ikkje er mogleg å skape sosialisme gjennom å vinne eit stortingsfleirtal åleine og at det er nødvendig med revolusjon i siste instans. Derimot meiner dei at det i dagens situasjon er svært viktig for revolusjonære å delta i val. I Raud Ungdoms organisasjonshandbok frå 2002, Revolusjonær praksis, står det at:

[Vi ser ikkje] på oppslutning i valg og styrke i parlamentariske organer (storting, kommunestyrer, fylkesting og så videre) som det viktigste ved vårt arbeid. [. . .] Hvorvidt vi stiller til valg er ikke et prinsipielt spørsmål, men en taktisk vurdering. Rød Ungdom har lenge ment at det er riktig å stille til valg i Norge slik samfunnsforholdene er her. (s. 27)

Vidare står det at

«[s]jøl om tilliten til det politiske systemet i Norge er sviktende, særlig blant ungdom, er det fortsatt riktig å hevde at de norske parlamentariske organene har forholdsvis stor legitimitet (makten blir akseptert, godtatt av befolkninga). For oss innebærer det at vi kan føre kamper i disse organene uten av vi automatisk blir stempla som en del av systemet, fordi det finnes et rom for demokratisk opposisjon.» (same plass)

Eg meiner at desse setningane frå handboka er representative for eit syn blant mange som kallar seg revolusjonære kommunistar i Noreg.

Samtidig står det å lese i handboka at det borgarlege demokratiet er eit «juksedemokrati», eit demokrati som er innretta på å forsvare det borgarlege samfunnet. «Borgerskapet syns helt klart det er best med «demokrati» – det er bedre å herske med samtykke enn gjennom brutal undertrykking. Men straks metoden med samtykke ikke fungerer lenger, kommer opprørspolitiet på gatene.» (s. 23) Etter mi erfaring kjem ikkje dette ofte fram i diskusjonar om korfor det er viktig for revolusjonære å stille til val. Tvert om er mi erfaring at kommunistar i og rundt Raudt ofte fokuserer einsidig på fordelane ved å delta i val og sjeldan på korleis det er umogleg å bruke det borgarlege demokratiet til å skape sosialisme – og kva vi må gjere i staden. Gigantiske ressursar (for eit mellomstort parti som Raudt) blir brukt på å organisere valkamp, mens lite til ingenting blir brukt på å organisere eit levedyktig kommunistparti og den revolusjonære infrastrukturen som må til for å skape kimen til ein ny arbeidarstat.

«Av dette følger forståelsen av at parlamentarisk arbeid ikke er nok. Den som skal slåss for sosialismen må kunne slåss også når det revolusjonære partiet blir forbudt eller nasjonalforsamlinga er oppløst». Er Raudt i stand til dette i dag? Sentrale politiske diskusjonar i Raudt går føre seg på Facebook, som er lett å overvåke både for private og statlege aktørar. Om Facebook ser sine pengeinteresser trua er det enkelt for dei å stengje medlemsgruppene og dermed sabotere den interne kommunikasjonen. Om styresmaktene skal slå ned på partiet er det ei enkel sak å få tak i medlemslistene. Kort sagt: Raudt er ikkje organisert for å overleve statleg represjon. Årsaka er at Raudt er organisert som eit sosialdemokratisk «masseparti» av klassisk type kor kven som helst kan bli medlem, kor det ikkje blir stilt aktivitetskrav til medlemmar og kor det ikkje blir ført nokon sikkerheitspolitikk. Dette fordi Raudts strategi baserer seg fullt og helt på legalt, først og fremst parlamentarisk, arbeid. Korfor går sjølverklærte revolusjonære kommunistar med på at Raudt organiserer seg slik? Ein mogleg grunn er at desse kameratane ser på revolusjonen som noko som oppstår «spontant» ein gong i framtida, ei figurativ bølgje som partiet kan «ri på». Denne spontanismen er verdt å sjå nærmare på.

Raudt og spontanismen

I Raudt-kretsar blir det snakka mykje om «utanomparlamentariske rørsler», og at desse er «viktigare enn det som skjer på Stortinget». Ved spørsmål om korleis Raudt skil seg frå SV, kan ein gjerne få som svar at Raudt «deltar i del parlamentariske rørslene og løftar fram krava deira». Dette kan godt stemme, men er ikkje bevis på at Raudt er eit revolusjonært parti på nokon meiningsfull måte. Ein kan sjå føre seg eit parti som Raudt som jobbar i «symbiose» med utanomparlamentariske rørsler; at partiet jobbar «ovanfrå», på Stortinget og i kommunestyre, mens dei utanomparlamentariske rørslene jobbar «nedanfrå». Spørsmålet som må stillast er: kva skal vi med dei utanomparlamentariske rørslene? Skal dei vere pressgrupper som oppfordrar politikarar på Stortinget til å gjere slike eller slike vedtak? Skal dei vere «bakkesoldatar» for Raudt på Stortinget? Eller skal dei byggje opp alternative politiske organ som kan utfordre den borgarlege staten og danne kimen til ein ny arbeidarstat?

Sidan slutten av sekstiåra har ytre venstre orientert seg i stor grad rundt «spontane folkerørsler». Døme på desse kan vere G8-demonstrasjonane i 2001, Nuit Debout-rørsla i Frankrike, Occupy Wall Street og i dag Gilets Jaunes i Frankrike. Felles for desse er at dei er laust organisert rundt nokre felles mål og ikkje har noko formell leiing. Tanken om at dei «sponane rørslene» er den fremste drivkrafta i kampen for sosialismen har lange vore typisk for anarkistisk organisasjonsteori, men har dei siste tiåra blitt meir utbreidd på resten av den radikale venstresida. Den vekta Raudt legg på dei «utanomparlamentariske rørslene» må sjåast i samanheng med denne «rørsle-ismen» på den vestlege venstresida generelt. Vi kommunistar må spørje oss sjølv: kan spontane demonstrasjonsrørsler – utan kommunistisk leiarskap – føre fram til kommunismen? Sidan desse rørslene i dei fleste tilfelle ikkje eingong når fram med dei avgrensa krava sine er det klart at dei ikkje på magisk vis kan trylle bort kapitalismen. Neste spørsmål følgjer av dette: korleis skal kommunistar då stille seg til desse spontane rørslene?

Utan ein revolusjonær teori kan det ikkje finnast noko revolusjonær rørsle. Lenin slo fast allereie på starten av førre hundreår at arbeidarklassen ikkje utviklar denne revolusjonære teorien spontant, men at han i beste fall utviklar fagforeiningsbevisstheit – bevisstheita om at arbeidarane på arbeidsplassen må kjempe saman for sine økonomiske interesser. Dei russiske økonomistane (!) argumenterte for at sosialistane ikkje kunne stille seg i spissen for arbeidarrørsla, men ganske enkelt måtte støtte denne økonomiske kampen når han oppstod. I praksis er dette å nekte for kommunistpartiets leiande rolle i klassekampen. Lenin slo derimot fast at revolusjonær teori måtte tilførast «utanfrå» og at det derfor var nødvendig med eit kommunistisk parti, som bestod av dei mest framskridne delane av arbeidarklassen. Og meir: kommunistane måtte ikkje følgje dei spontane økonomiske kampane (vi kan leggje til: «utanomparlamentariske rørsler»), men arbeide for å løfte dei spontane kampane til ein kamp mot det kapitalistiske systemet og den borgarlege staten. Denne innsikta blei oppdaga for meir enn hundre år sidan og førte til den første vellykka sosialistiske revolusjonen.

Er ein fredeleg overgang til sosialismen mogleg?

Spørsmålet om den fredelege overgangen til sosialismen har potensielt verdshistorisk betydning og fortener ei langt større behandling enn det kan få her. Eg skal derfor avgrense meg til nokre hovudpoeng.

I Raudts prinsipprogram frå 2010, revidert 2014 står det at «Rødt vil at en [sosialistisk revolusjon] skal være demokratisk forankra og fredelig». Det står «Rødt mener det er mange erfaringer som tilsier at motkreftene ikke vil akseptere en folkelig og demokratisk maktovertakelse, men vil bruke uakseptable midler for å stanse denne. Dette vil gjøre det nødvendig å forsvare folkeviljen». Det nye prinsipprogrammet som blei vedtatt sist landsmøte er ikkje offentleggjort enno, men i utkastet frå komiteen var denne siste delen fjerna. Med andre ord: Raudt ønskjer at overgangen til sosialismen skal skje på fredeleg vis, men slår ikkje fast at det er nødvendig å forsvare revolusjonen mot reaksjonen.

Staten under kapitalismen er ein klassestat, som er til for å verne om borgarlege eigedomsforhold. Kjerna i denne staten er valdsmakta (hær, politi, fengslar), og om ei revolusjonær rørsle veks seg sterk nok til å true dei borgarlege eigedomsforholda, vil borgarskapet gripe til denne valdsmakta – uansett kor fredelege hensikter dei revolusjonære måtte ha. Om det nasjonale borgarskapets eige hær ikkje er sterk nok har dei internasjonale allierte i ryggen. USA, som Noreg er alliert med gjennom NATO, hadde neppe akseptert at dei «mista» Noreg til sosialismen. Vi kan kome med mange historiske døme på kva det internasjonale borgarskapet er villig til å gjere for å forsvare makta si. Det mest kjente er nok Chile i 1973, kor den demokratisk valde sosialistregjeringa til Salvador Allende blei avsett i eit CIA-støtta kupp. Dette kunne skje fordi Allende-regjeringa ikkje hadde kontroll over valdsmakta, og ikkje hadde imøtegått kravet til arbeidarane og bøndene om å væpne folkemassane. Vi kan også vise til erfaringar frå Noreg. I 1928, mens Arbeidarpartiet enno hadde sosialismen som mål, måtte Hornsrud-regjeringa gå av etter at bankane hadde trua med kapitalflukt. Regjeringa varte i eit par veker. Då samefolket og miljøaktivistar stansa utbygginga av Alta/Kautokeino-vassdraget i 1979, blei dei møtt med massive mengder politi. Dette var ei sak med noko økonomisk betydning for det norske borgarskapet, men striden stod ikkje om sjølve samfunnssystemet. Kva hadde skjedd om ei revolusjonær arbeidarrørsle, leidd av eit sosialistisk parti med oppslutning i fleirtalet av befolkninga, kravde at kapitalismen må bort?

Kva må gjerast?

Eg meiner det er klart at den revolusjonære rørsla i Noreg ikkje er moden nok til å leie ein sosialistisk revolusjon per dags dato. Blant dei viktigaste oppgåvene våre i nær framtid er som følgjer:

  1. Det må organiserast eit kommunistisk parti basert på demokratisk sentralisme, aktivitetsplikt og ein aktiv sikkerheitspolitikk.
  2. Kommunistpartiet må i størst mogleg grad vere økonomisk uavhengig av den borgarlege staten.
  3. Kommunistpartiet må skolere medlemmane og arbeidarklassen i den marxistiske teorien.
  4. Kommunistpartiet må studere særnorske forhold, inkludert styrkeforholdet mellom klassane, norsk imperialisme og statens klassekarakter for å utarbeide ein revolusjonær strategi.
  5. Rundt kommunistpartiet må det byggjast masseorganisasjonar som gir folk erfaring med å organisere seg politisk og kan danne kimen til ein ny arbeidarstat.

Lista er langt frå ferdig. Vi har store utfordringar framfor oss. La oss ikkje miste motet, men ta fatt på arbeidet!

2 Comments on “Debatt: “Revolusjonær” reformisme?”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *