Protestar mot Bannon i Bergen

9. mai var Steve Bannon i Bergen for å delta på Nordiske Mediedager. Dette blei møtt med demonstrasjonar i Bergen både 8. mai og 9. mai.

Frigjeringsdagen 8. mai mot fascisme

Demonstrasjonen 8. mai var i samband med Frigjeringsdagen, som markerer Noregs frigjering frå fascistisk okkupasjon i 1945. Eit titals menneske møtte opp på Festplassen onsdag ettermiddag for å høyre på appellantar frå ulike organisasjonar. Mellom desse var Sofie Marhaug, bystyrerepresentant for Raudt i Bergen, som er intervjua i NRK (https://www.nrk.no/hordaland/protester-mot-steve-bannon-i-bergen_-_-naivt-og-sensasjonalistisk-av-mediedagene-1.14543289). Etter arrangementet på Festplassen dro fleire av demonstrantane bort til Grieghallen, kor Nordiske Mediedager finn stad, og ropte slagord, mellom anna «ingen fascister i våre gater» og «Bannon go gome».

Protestar mot Bannon 9. mai

9. mai, klokka 15:00 starta arrangementet med Steve Bannon på Nordiske Mediedagar. Arrangøren hadde på førehand gitt lovnadar om at dette berre skulle vere eit intervju, men kjelder som deltok på arrangementet kunne melde at han «heldt foredrag» og «tordentale». I sitt ønskje om å «la alle sleppe til» gav Nordiske Mediedagar fri talarstol til ein av vår tids farlegaste nyfascistiske ideologar.

Ei gruppe aktivistar samla seg utanfor Grieghallen då arrangementet starta og heldt plakatar med påskrift «Bannon og home» og «ingen fascister i Bergen by». Også her blei det haldt appellar og ropt slagord.

Media lar seg bruke

Det er ingen ting som tyder på at å «la fascistene sleppe til» og «møte dem med argument» fører til mindre fascisme. Tvert om – fascistar stiller meir enn gjerne til debatt. På denne måten får dei spreie bodskapen sin, dra den offentlege debatten over på sin banehalvdel og bidra til fascistisk organisering. Det einaste som fungerer mot fascismen er konsekvent antifascisme: å nekte fascistar talarstol og hindre fascistisk organisering.

Dei liberale mostandarane av «scenenekt» hevdar at dette er eit trugsmål mot ytringsfridommen. Dette er ein feilslått tanke. Om det var slik, måtte Nordiske Mediedagar invitert alle og ein kvar til å tale på arrangementa sine. Raud Tid var ikkje invitert – er ytringsfridommen vår krenka? Dei verkelege trugsmåla mot ytringsfridommen i dag er rasisme, sexisme og alle andre former for sjåvinisme som gjer det utrygt for andre enn kvite menn å ytre seg i offentlegheita. La oss minne om Resett og miljøet rundt sine mobbekampanjar mot Sumaya Jirde Ali.

Det høyrer med til historia at den rasistiske nettavisa Document.no skal ha møte med Bannon 10 mai «fordi han befant seg i Norge». Det bør vere kjent for alle at Document.no var ein av dei største ideologiske inspirasjonskjeldene til Anders Behring Breivik. Om ikkje Nordiske Mediedagar hadde betalt for å få Bannon til Noreg, hadde ikkje Document.no kunna nytte høvet til å arrangere møte med han. Det kan ikkje herske nokon tvil: DNM har gitt rasistane akkurat, nøyaktig det dei ønskte.

Raud Tid seier: ingen talarstol til fascistar!

Bystyrerepresentant Sofie Marhaug heldt appell på markeringa 8. mai.
Frå markeringa 8. mai.
Utanfor Grieghallen 9. mai.

Foto: Ståle Olsen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *