BT går på limpinnen

8. mai skal Steve Bannon besøkje Bergen i samband med Nordiske Mediedagar (NMD), kor han er invitert for å snakke om framveksten av alternative medium. Bannon er kjent som tidlegare redaktør for den nyfascistiske nettavisa Breitbart og som valkamprådgjevar for Donald Trump. Demokratiske og antifascistiske krefter tar motstand frå besøket, mens Bergens Tidende ved redaktør Øyulf Hjertenes går rett på limpinnen og forsvarer avgjerda til NMD på leiarplass.

Dei siste par åra har fascistiske rørsler blitt større og sterkare, også her i Noreg. Sommaren 2017 fekk nynazistar med flagg marsjere offentleg i Kristiansand for første gong sidan den tyske okkupasjonen – dette gløymer vi ikkje. Men fascismen kjem ikkje alltid med flagg, uniform og hakekors, då dette er ting folk tar avstand frå. Dei fleste moderne fascistar er godt klare over dette. Derfor snakkar dei ikkje om «jødisk bolsjevisme», men om «globalist-eliten»: Dei snakkar ikkje om etnisk reinsing, men om «repatriering», dvs. tvangsutsending. Dette er noko blant anna SIAN, som hadde stand-turne i norske byar i fjor, og det nystifta «Selvstendighetspartiet» tar til orde for.

I leiarartikkelen til BT heiter det at «[v]i må tole å høyre på kvarandre. Særleg når vi er usamde». Liberale argumenterer gjerne med at vi må «lytte til alle» og la «dei beste ideane vinne fram». Desse prinsippa kan gjerne fungere i ein sakleg diskusjon blant to vennlegsinna partar, men ikkje i møte med fascistar. Det må leggjast til at det ikkje er ein debatt Bannon er invitert til, men eit intervju. Fri tale, med andre ord. Hjertenes skriv at «[Bannons] agenda er djupt problematisk. Men Bannon skal ikkje halde ein propagandatale i Grieghallen.» At det ikkje er ein propagandatale han skal halde, endrar ikkje på saka. Ved å invitere Bannon til samtale blir han legitimert som ein verdifull og seriøs diskusjonspartner. For nyfascistane (alt-right) er dette ein stor siger, mens vi som er usamde med dei blir bedne om å halde kjeft og akseptere at «vi må tole å høyre på kvarandre».

Fascismen har ikkje ein rasjonell kjerne, men baserer seg på estetikk og emosjonell appell. Det einaste ein oppnår ved å invitere fascistar opp på talarstolen er å legitimere synspunkta deira og dra den offentlege debatten mot høgre. Slik opnar ein opp for at meir ytterleggåande fascistar kan få etablere seg. Det er godt kjent korleis nynazistar bruker høgrepopulistiske og «innvandringskritiske» frontorganisasjonar for å påverke den offentlege debatten og gjere det enklare å spreie eigen propaganda. BT og Hjertenes går rett på limpinnen. Det fascistane ønskjer er at frontfigurane deira blir tatt inn i varmen – ikkje fordi dei ønskjer diskusjon, men fordi dei ønskjer normalisering. Deretter får dei frie tyglar til å trakkassere «uønska folk» som muslimar, skeive og sosialistar og gjere det vanskeleg for dei å delta i den offentlege debatten.

8. mai 1945 blei Noreg frigjort frå den tyske nazi-fascismen. Sidan den gong har vi sagt: aldri igjen. Det er på høg tid at alle demokratiske, patriotiske og antifascistiske krefter samlar seg og gjer motstand mot trugsmålet frå nyfascismen, anten den kallar seg «identitær» eller alt-right. I Bergen er det varsla demonstrasjon. Raud Tid støttar demonstrasjonen, og oppfordrar alle til å stille opp. Fascismen skal isolerast, ikkje tolererast!

Foto: Gage Skidmore

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *