Kapitalismen er vald mot kloden og menneska

Dramatisk klimarapport

Sist måndag kom FNs siste klimarapport. Rapporten vart laga på bestilling frå klimatoppmøtet i Paris i 2015. Konklusjonen bør vere ein vekkjar for alle: dei globale klimautsleppa må kuttast med 40-50% innan 2030 om vi skal nå målet om temperaturstigning på 1,5 grad. «Verden må gjennom endringer i et omfang vi aldri før har sett», i følgje Cicero senter for klimaforsking.

 

Liberale avsporingar

Trass klar tale frå forskingsmiljøet er det ikkje alle som klarer å sjå elefanten i rommet. På Twitter 9. oktober anbefaler CNN dette:

«Here’s what you can do to help:

  • Eat less meat (about 30%)
  • Swap your car or plane ride for a bus or train
  • Use a smart thermostat in your home, and upgrade to more efficient appliances»

Dette er neppe «endringer i et omfang vi aldri før har sett». Det hadde til dømes vore å ta makta frå dei 100 selskapa som har ansvar for 71% av dei globale utsleppa. Men dette er ikkje foreinleg med den liberale tilnærminga til klimakrisa: å individualisere løysingane, ikkje peike på storselskapa som har det store ansvaret, og la vanlege folk ta kostnadane.

 

Eit valdeleg system . . .

Sanninga er at det er kapitalismen som har skyld i klimakrisa, og at det er umogleg å løyse problemet utan å avskaffe systemet. Kapitalismen krev evig økonomisk vekst – eit selskap som ikkje veks vil fort gå til grunne i konkurransen. For ikkje å snakke om at aksjeeigarane må ha det årlege overskotet sitt! «Alle» veit dette – men ingen snakkar om det openberre: at eit system basert på evig vekst ikkje kan vere berekraftig på ei klode med avgrensa ressursar. Å halde oppe eit slik system er vald mot kloden og menneska: for første gong i historia har vi eit system som er i stand til – og held på – å utrydde alt liv på jorda.

 

. . . og eit valdeleg statsbudsjett

Kva gjer så Solberg-regjeringa? Tidlegare denne veka kom statsbudsjettet for 2019, kor det blir anslått at Noreg kjem til å kutte 13% av utsleppa sine innan 2030. FNs klimarapport anslår at det er naudsynt å kutta 40-50% av dei globale utsleppa innan same år. Men om ikkje Noreg skal ta dei «store kutta» – kven då? Dei «industrialiserte landa» har mesteparten av ansvaret for utsleppa som i dag fører til klimaendringar, men det er landa i det globale Sør som kjem til å bli hardast ramma. Dei fattige landa i verda har rett på tilbakebetaling etter fleire hundreår med kolonisering, imperialistisk røvarkrig og økonomisk utbyting. Som takk får dei i staden det norske statsbudsjettet, som svart på kvitt slår fast at den norske herskarklassen ikkje har noko problem med å skape millionar av klimaflyktningar så lenge dei rikaste får skattekutt.

 

Sosialisme eller barbari

Menneskeheita stå overfor to val: å ta makta frå kapitalistane og skipe ein sosialistisk planøkonomi som set menneskelege behov framfor profitt, eller økologisk kollaps. Det er meir sant enn nokon gong at sosialismen er ei nødvendigheit, ikkje ei moglegheit. Orda til Rudolf Nilsen er like aktuelle i dag:

«Kan hende det gjelder å redde vår jord. De beste blant dere er kalt.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *