Uansvarleg åtferd frå Kvarteret

Torsdag 20. september arrangerer Studentersamfunnet i Bergen ein småpartidebatt på det Akademiske Kvarter. Alliansen var opphavleg invitert til å delta i panelet, men Samfunnet trekte invitasjonen etter at studentar protesterte. Her skulle historia ha slutta.

I staden for å ta protestane frå studentane på alvor, gav det Akademiske Kvarter løyve til at Alliansen kunne leige møtesalen “Støy” og halde sitt eige møte – ei panelsamtale om “no-platforming”. Dette er reine gavepakka til nyfascistane, og Kvarteret grunngav stuntet sitt ved å vise til ytrings- og organisasjonsfridommen. Men berre ein uvanleg dogmatisk liberalar ville ha tolka desse fridommane til å bety at institusjonar har ein *plikt* til å gi fascistane ein plattform.

Det er anerkjent av dei fleste at det finst grenser for ytringsfridommen – sjølv i det mest liberale demokrati. Mellom anna FNs erklæring om menneskerettane set slike grenser:

Artikkel 30.
Intet i denne erklæring skal tolkes slik at det gir noen stat, gruppe eller person rett til å ta del i noen virksomhet eller foreta noen handling som tar sikte på å ødelegge noen av de rettigheter og friheter som er nevnt i Erklæringen.

Dei nemnte rettane og fridommane inkluderer “rett til liv, frihet og personlig sikkerhet” (artikkel 3). Med andre ord – det går ei grense for ytringsfridommen der ei ytring truar retten til liv, fridom og personleg tryggleik for ei gruppe menneske. Dette gjeld til dømes rasisme og hets mot folkegruppe. Kva fall innanfor denne kategorien? Mellom anna desse skoleeksempla frå Alliansen sin partileiar:

42093542_10161015200510714_5837166880921485312_o

42234551_10161015200595714_4082270173220831232_o

Vår dogmatiske liberalar vil gjerne invitere rasismen til open debatt og la “den beste idéen vinne”. Dette er ein feilslått strategi. Fascismen manglar ei rasjonell kjerne, og kan ikkje nedkjempast i disksjon. I staden må han isolerast. Det stemmer ikkje at «trollet sprekk i lyset» berre ein inviterer fascistane til debatt – snarare skjer det motsette – når rasistiske og fascistiske ytringar får spreie og normalisere seg, når dei ut til fleire og skapar eit klima for framtidig fascistisk vald.

Kvarteret har, under dekke av “politisk uavhengnad” og “å forsvare ytringsfridommen”, gitt nyfasistane akkurat det dei ønskjer seg. Dette er farleg. Kvarteret må ta sjølvkritikk for dette, og vurdere kven dei skal ta omsyn til i framtida – fascistar som ønskjer talarstol og eit høve til å rekruttere og organisere seg, eller den fysiske tryggleiken til alle som blir trua av fascismen, inkludert studentar som nyttar Kvarteret.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *